Godkjent opning i Paralympics

— Eg håper å vise meg fram frå ei anna side utover i veka, sa […]

— Eg håper å vise meg fram frå ei anna side utover i veka, sa Vindafjord-utøvaren til Grannar etter løpet. Andreas Hustveit har det siste tiåret vore ein av dei beste norske handicap-idrettsutøvarane. Det er også stilt store forventningar til den godt trena utøvaren i dei norditalienske alper. Hustveit har aldri vore så godt førebudd til eit meisterskap som nå. Han er likevel usikker på om det vil halde til medalje. For nivået i internasjonal handicapidrett er høgt. Konkurransen har aldri vore så tøff som nå. Det er også rekordmange nasjonar som deltar i Torino. Laurdag var det 12,5-kilometer som stod på programmet. Andreas gjekk fort i sporet. Skytinga var heller ikkje så verst. Seks bom er likevel for mykje til å hevde seg i dette selskapet.

Vanskelege forhold
— Det var vanskelige skyteforhold. Dei beste beherska den vanskelege kastvinden betre enn meg. Før start var eg klar over at eg måtte ha fullklaff for å kjempe i toppen. Seks bom er for mykje til å kjempe om medaljar. Nils Erik Ulset, som gjekk inn til bronse, hadde berre to bom. Den sterke nordmøringen gjekk også eit bra langrenn, seier Hustveit.
Det var ein revansjelysten Andreas som stilte til start på fem kilometer fristil i går. Før start var målet å kjempe om topp seks-plassering. Landslagsutøvaren forstod på eit tidleg tidspunkt at det ville bli vanskeleg. For tilbakemeldingane frå sekundantane var ikkje spesielt oppløftande. Andreas viste god moral og staka inn til ellevteplass. Det er ein prestasjon han kan vere bekjent av.

Vil sterkt tilbake
— Eg har best tak på dei lange distansane. Har størst forventningar til tikilometeren og den dobbelte distansen neste søndag. Paralympics blir avslutta med 20-kilometer. Dei to siste vekene har eg opphalde meg i Sveits og Italia. Det med tanke på å vere best mogleg førebudd til dei fire eller fem konkurransane i den tynne lufta. Planen er at eg skal vere med på fire individuelle konkurransar. I tillegg håper eg å kvalifisere meg for stafettlaget. Det blir kamp om å komme med der, seier Andreas, som er medeigar i eit treningsstudio i Ølen. Ny arbeidssituasjon og forbetra opplegg på landslaget, var to av grunnene til at han satsa for fullt på Paraolympics.
— Andreas og dei andre norske utøvarane presterte under pari i dag. Det er det ingen som helst tvil om. Eg håper og trur dei kjem sterkare utover i meisterskapet, seier landslagstrenar Stein Morten Gulbrandsen til Grannar. Han har lita tru på at utøvarane er ute av form. Andreas Hustveit legg ikkje skjul på at han er revansjelysten. Han synest det er artig å vere med i eit så stort og prestisjefylt arrangement. Både media og publikumsinteressa for leikane er stor.