Godt håp for nybygg i landsbyen

Kommunal- og regionalministeren frå Hjelmeland i Ryfylke har lenge hatt lyst til å besøkje landsbyen […]

Kommunal- og regionalministeren frå Hjelmeland i Ryfylke har lenge hatt lyst til å besøkje landsbyen for psykisk utviklingshemma og andre med spesielle behov for omsorg.
Og styreleiar Dag Erik Eikeland og dagleg leiar Angela Rawcliffe i Hogganvik landsby i Vindafjord formidla eit klart ønske om støtte frå kommunalministeren i kampen for å få finansiert eit nybygg ved landsbyen.
I fjor fekk dei nemleg avslag frå Husbanken på søknaden om tilskot til nybygget som vart innhenta av prisstiging i ein overoppheta byggjebransje. Den siste prislappen er 16 millionar kroner.

Håp i svaret
— Dette ser vi på som svært positive signal frå statsråd Kleppa. Eg er nøgd med svaret, seier Eikeland til Grannar etter møtet med kommunalministeren.
Ho var godt orientert om situasjonen for landsbyen etter eit brev ho mottok frå Hogganvik i fjor.
— Eg reiser ikkje rundt og driv saksbehandling for søknader i Husbanken. Men eg har orientert meg om saka i Husbanken og dei veit at eg vil sjekke saka når eg kjem tilbake til Oslo. Søknaden blir ikkje liggande lenge før den blir behandla, sa Kleppa.
Ho forklarte avslaget i fjor med at Husbanken hadde brukt opp midlane til tilskot utan at Hogganvik nådde opp. Men i 2009 er det nye, friske midlar til disposisjon.

Neppe krisepakke
Kleppa var derimot meir reservert i spørsmålet om utbygginga kan få pengar når dei såkalla tiltakspakkane som skal møte finanskrisa, som er ferdige frå regjeringa 26. januar.
— Ein slik søknad må i tilfelle gå gjennom kommunen. Det er veldig mange som vil med i denne pakken, for å seie det slik.
På grunn av prisspiralen i det som var ein oppheita byggjebransje, manglar nybygget i Hogganvik 3 millionar kroner, også etter tilskotet frå Husbanken.
— Vi håpa på sponsorar, men det har tørka inn på grunn av finanskrisa. Å få del i statlege tiltakspakke, ville vore eit godt alternativ. Vi kan jo håpe på at prisen går ned når det blir ledig kapasitet i byggjebransjen, seier Eikeland.

Nye behov
Nybygget skal gi husvære til både bebuarar og medarbeidarar i landsbyen. Dagleg leiar Angela Rawcliffe orienterte om at nybygget er nødvendig for å kunne dekke individuelle behov i tillegg til fellesskapet alle deltar i.
Kleppa fekk også ei innføring i drifta i Hogganvik, og idégrunnlaget for Camphill-rørsla og dei sju landsbystiftingane i Noreg. Ho konkluderte med at HVPU-reforma langt frå har fanga opp alle behov, og at landsbystiftingane er eit viktig supplement.
Besøket vart avslutta med eit par musikalske innslag der bebuarar og medarbeidarar deltok, og Monica Haugan slo an tonen.