Godt initiativ

Styrar Åshild Blikra har bestemt seg for at arbeidsplassen til både henne og fleire andre, […]

Styrar Åshild Blikra har bestemt seg for at arbeidsplassen til både henne og fleire andre, er verd å ta vare på. Det er også ein god nyheit for foreldre med små born i Nedre Vats.
Til slutt så er det også foreldra som avgjer om det er rom for å oppretthalda barnehagen på sikt. Å driva ei så liten eining som Nausthaugen er nepper noko gullgruve, men å ha ein barnehage i området vil vera viktig for mange. Difor fortener Åshild Blikra og resten av dei tilsette all støtte dei kan få.

Og engasjementet frå foreldra tyder på at det skal gå bra. Å få nok born i barnehagen til å fylla opp den ledige kapasiteten er det viktigaste i første omgong. Dersom det går bra, og det blir behov, er det også mogeleg å auka kapasiteten på sikt. Vindafjord kommune er då også blant kommunane som har behov for fleire barnehageplassar, så også i så måte må vidare drift ved Nausthaugen vera kjærkome.
Positivt er det også at private tar initiativ til å både oppretthalda og skapa nye arbeidsplassar slik Åshild Blikra er eit døme på. Utan at private tør å satsa, ville det blitt lite av verdiskaping i bygdene. Heldigvis har me både i Vindafjord og Etne døme på at det finst mange kreative og flinke næringsdrivande.

Å starta for seg sjølv betyr mykje jobbing og kanskje ikkje altfor stor økonomisk avkasting. Ein er nøydt til å stå på, men dei som skal driva for seg sjølve er også avhengige av at enkelte ting blir lagt til rette av styresmakter og kommunar.
For kommunane er et viktig å ha nok næringsareal tilgjengeleg til ei kvar tid, og næringsarealet må vera der verksemdene er interesserte i å etablera seg. Å stå med store ledige areal dersom ingen vil nytta seg av dei, er ikkje god politikk. Her ligg det utfordringar både for Etne og Vindafjord.