Godt nytt år

Dei nyvalde politikarane i kommunane og fylka, som på våre vegne skal skapa grunnlag for […]

Dei nyvalde politikarane i kommunane og fylka, som på våre vegne skal skapa grunnlag for lokal stoltheit og gode initiativ, frivillig innsats og fellesskap som gjer det godt å bu i regionen vår. Dei som har den øvste mynden i landet, og som har ansvar for at me alle kan ta del i å gjera noko for å sikra miljøet for våre barn og dei som kjem etter dei. Dei ønskes eit spesielt godt nytt år. Me har von om at dei finn dei kloke avgjerslene som gjer det mogeleg å få mange med på å skapa begeistring, vilje og pågangsmot, som er sterke drivkrefter.

Me kan alle havna i livssituasjonar der me blir dei som treng hjelp. Me har alle opplevd nederlag, eller at livet ikkje blei slik me hadde tenkt. Det er periodar kor me treng støtte og trøyst. Verken det offentlige eller private kan fylla opp alle tomromma som oppstår mellom marked, offentlege tenester og enkeltmenneskes behov. Der trenger me medmennesker som stiller opp. Me treng frivilligheit. Utan frivilligheit blir det mindre varme, mindre glede. Godt nytt år til alle dei som driv frivillig arbeid.

Me må få meir tru på framtida. Me må tru på at det går. Utan ein slik optimisme mistar me handlekraft, det treng me for å møta vår tids store utfordringar. Aldri før har så mange mennesker levd i fred, samstundes opplever me frykt vold og terror nært på oss. Av og til kan problema synas overveldande, og me kan føla motløyse i staden for å sjå mogligheitene. Men verda går framover så lenge me mennesker har vilje til å skapa ei betre framtid. Mange opplever naud, konfliktar og sakn. Me må vera villige til å gje bidrag til å løfta fleire ut av fattigdom. Me ynskjer at 2008 vil gje oss grunn til å håpa, til å tru – og å bli begeistra.