Den kraftigaste nedjusteringa av styringsrenta på 20 år er sjølvsagt gledeleg, og den var på sin plass. Men samstundes er det eit sterkt signal om at det står svært ille til med verdas finanssystem. Prognosane har forverra seg, og slår desse til vil det bli ei arbeidsløyse på over 100.000 personar i løpet av neste år.
At renta nå stuper betyr at folk flest får meir pengar mellom nevane. Dermed vil detaljhandelen og forbruket generelt ta seg opp, samstundes som mange vil nytta høve til å betra eigen gjeldssituasjon og få ein romslegare kvardag. Andre vil investera i eigedom. Me registrerer at fleire lokale bankar var raskt ut etter onsdagens rentemøte i sentralbanken og annonserte kutt i renta på bustadlån. Med denne justeringa vil mange av oss får rundt 15.000 — 20.000 kroner ekstra disponibelt over eitt år. Men det stoppar ikkje med dette; Svein Gjedrem går svært langt i å annonsera nye rentekutt, og signaliserer ei styringsrente ned mot to prosent mot sommaren 2009.
Den store utfordringa til statsminister Jens Stoltenberg og regjeringa er nå å få fart på næringslivet. Konkursane florerer og mange bedrifter slit med tilgang på kapital. Den som har sikkert arbeid vil nyta godt av rentekuttet. Verre blir det for dei mange som mister jobben. Difor trengst det ekstra tiltak i form av ei finanspakke frå det offentlege for å sikra at bankane har tilgang på utlånsmidlar til næringslivet. Den raudgrøne regjeringa lyttar ikkje på NHO sitt ynskje om skattereduksjon. Då forventar me andre sterke verkemiddel i kampen mot auka arbeidsløyse og næringslivet sitt prekære behov for meir kapital. 2009 blir uansett ei vanskeleg år for AS Noreg.
Unge entreprenørar
Tre elevbedrifter ved Lundeneset vidaregåande skule i Vindafjord gjorde reint bord under Ungt Entreprenørskap i Nord-Rogaland si prisutdeling for beste forretningsplan. Eit godt døme på at det finst ungdom på bygdene med talent for gründerskap.