Godt nyttår!

Ordet krise har florert dei siste månadene; så sterkt at det har gitt ein psykologisk […]

Ordet krise har florert dei siste månadene; så sterkt at det har gitt ein psykologisk og ugrunna effekt me ikkje har sett maken til. Stoppen i pengeflyten har ført til at mange har fått problem. Konkursar, permitteringar, fall i oljeprisem og stagnasjon er blitt resultatet på tampen av eit år mange meiner er det verste på 60 — 70 år. Truleg har me berre sett starten.

Utfordringane står difor i kø når me nå er i ferd med å skriva 2009. Heldigvis er ikkje bildet heilsvart. På årets siste dag har Grannar fått fire personar med ulik ståstad til å spå litt om året me nå går inn i. Desse gir oss eit framtidsbilde prega av meir uvisse og utfordringar enn nokon gong, men også håp om at det ikkje treng gå så ille som mange fryktar. Livet på bygdene går meir på det jamne. Her har ikkje dei store boomane kome, og dermed vil heller ikkje nedturen bli like kraftig som i byar og sentrale strøk. Banksjef Åse Tveit Samdal peikar også på eit interessant aspekt; at motgang kan gi meir samhald i distriktet og auka kreativitet. Og at folk i dette grannelaget vil ha evne til å snu seg rundt når det trengst.

Lokalavisa di har gjennom fleire artiklar den siste tida trekt fram ein optimisme, vilje og pågangsmot som pregar mange i det lokale næringslivet. Dette er ein eigenskap og styrke som kjem svært godt med i tida som kjem. For sjølv om renta stuper og folk i arbeid får det relativt økonomisk romsleg, og regjeringa går inn med historisk store tiltakspakkar, vil dei usikre finans- og børstidene prega oss alle framover. Vår oppfordring til våre lesarar er å demonstrera meir av samhald, pågangsmot og tru på framtida. Grannar vil samstundes nytta høvet til å takka for året som nå er omme og ynskja alle eit godt nytt år. 2009 blir tøft, men saman skal me ri denne stormen av.