Godtar nye inngrep på industriområde

Det er den administrative tilrådinga som blir lagt fram for formannskapet i Vindafjord på tysdag. […]

Det er den administrative tilrådinga som blir lagt fram for formannskapet i Vindafjord på tysdag.
Det er svært mange som har hatt synspunkt på denne reguleringsplanen, og i alt 25 forskjellige partar har hatt kritiske innvendingar til utvidinga av anlegget i den målestokken AF Decom planla. Spesielt naboar er redde konsekvensane når det gjeld forureining og støy.

Fylkesmannen snudde
Dei fleste innvendingane går på ulemper med støy og lukt, og utslepp av blant anna tungmetall i fjorden. Men kommunen toar sine hender og påpeikar at på desse områda er det fylkesmannen og SFT som avgjer kva som er lovelege grenser.
Fylling i sjøen og inngrep i landskapet har også vore eit omdiskutert tema. Fylkesmannen i Rogaland leverte først motsegn mot planen på grunn av desse inngrepa, pluss mangelfull utgreiing av støy frå opphogginga av plattformer.
Men etter eit møte mellom fylkesmannen, AF Decom og Vindafjord kommune, trekte fylkesmannen motsegna si. Planen har fått eit grønt belte, altså yttergrense for industriområdet i retning Yrkesfjorden, pluss at fylkesmannen har godtatt støykartet. Raunes Fiskefarm er nabo til industriområdet, og det er framleis samtalar mellom fiskefarmen, AF Decom og Vindafjord kommune med sikte på å finne ei varig løysing for Raunes Fiskefarm. Det kan bli snakk om å flytte fiskefarmen, men i denne omgangen legg planen opp til at fiskefarmen framleis skal drive vegg i vegg med AF Decom.

Andre sitt ansvar
Som kjent har AF Gruppen fått ein milliardkontrakt for å fjerne installasjonar på Ekofisk-feltet, og delar av denne jobben vil bli gjort hos dotterselskapet på Raunes. Plassbehovet til AF Decom er dermed ikkje endeleg avgjort.
Plankonsulent Sissel Aarvik påpeikar at Raunes er eit industriområde og at det er naturleg at det kan utvide når det er behov for det. Konsekvensar for miljø og naboar påpeikar ho ligg utanfor kommunen og planen sitt ansvar. Den handlar om arealdisponering.