Grå krig på midten

Trenar Ståle Berge er langt frå nøgd situasjonen etter poengdeling mot Skudenes på Vikedal stadion […]

Trenar Ståle Berge er langt frå nøgd situasjonen etter poengdeling mot Skudenes på Vikedal stadion på fredag.
— Poengdeling her er nesten tap. Med tre poeng kunne vi vore heilt unna striden om nedrykk. Vi klarer oss sikkert, men dette var ein kamp vi burde vinne, seier Ståle Berge.
Sjansen for nedrykk er førebels mest teoretisk, men det er berre fire poeng frå midten av tabellen og ned til tredje siste plass. Men det er ikkje stort fleire poeng opp til ein tredjeplass heller.
Dagens frispark
Keeper Olav Anders Helgevold spente i grasmatta og var raskt med å kome seg i dusjen etter kampen. Han stod for dagens tabbe då Glenn Ivan Hemnes oppdaga at målvakta til GrannKam var på ein 10-15 lang luftetur. Frå nesten midten plasserte Skudenes-spelaren ballen elegant i mål medan Helgevold var i gallopp tilbake til buret.
Like etter leverte kaptein Stian Furseth hos GrannKam dagens frispark, hardt og velplassert i mål. Dermed var det balanse igjen for den litt gyngande skuta til GrannKam.
— Eg lastar ikkje keeperen vår for at vi berre tok eitt poeng. Slikt skjer i fotball, og målet kunne like godt kome i andre situasjonar. Vi var ikkje betre. Det var ein rotekamp, meiner trenar Ståle Berge.
Mange isposar
GrannKam er framleis midt på treet i avdelinga, og det var også karakteristisk for ein litt grå kamp. Skudenes var aggressiv frå start, og kampen var prega av stillingskrig på midten. Defensivt hadde begge laga rimeleg god kontroll som naturleg er når det meste skjer eit godt stykke unna mål.
Den som venta på Flo-pasningar til Tore Christiansen og Torbjørn Eidhammer, venta forgjeves. Unge Espen Vaka og Anders Stenberg kom inn med friske bein i offensive posisjonar mot slutten, men lufta var for meste blåst ut av kampen.
På laurdag skal GrannKam møte Orre som er det desiderte botnlaget utan siger og med berre to poeng.
— Eg tar ingenting for gitt. Vi må berre skjerpe oss. Før eller seinare skal Orre også vinne ein kam, seier Ståle Berge.
I Vikedal gjekk det med ein god del isposar i basketaket, men Berge håper dei fleste får orden på beina igjen i løpet av veka.

4. divisjon avd. 2
GrannKam – Skudenes 1-1 (0-0)
0-1 Glenn Ivan Hemnes
1-1 Stian Furseth
Dommar Kåre Pedersen, Haugesunds Kameratene FK
Ingen gule kort