Grannar blir morgonavis

19. september vedtok styret i Grannar å inngå ein distribusjonsavtale med Diivest. Med Diivest som […]

19. september vedtok styret i Grannar å inngå ein distribusjonsavtale med Diivest. Med Diivest som distributør, betyr det at avisa skal vera i postkassen innan kl.07.00 og vil bli distribuert saman med Haugesunds Avis.
Dagleg leiar Liv-Kari Bødtker håper å få alle brikker på plass med Diivest så snart som mogleg.
— Me tar sikte på å starta som morgonavis torsdag 17. november. Me er munnleg samde med Diivest om intensjonsavtalen, men det er mange tekniske og praktiske moment som skal på plass, seier Bødtker.
Ho legg ikkje skjul på at prisauken hos Posten dei siste åra har gjort at Grannar lenge har vurdert andre distributørar.
— Det mest avgjerande var prisen og meir langsiktige prisar hos Diivest, seier Bødtker.

Ferskvare
Ansvarleg redaktør Aslaug Olden Mala er svært glad for at Grannar nå går over til å bli morgonavis.
— Aviser er ei ferskvare og går fort ut på dato. Difor er det veldig viktig med så kort tid som mogleg frå avisa blir trykt til lesaren får ho på bordet. Slik me har det nå, blir avisa trykt om ettermiddagen og først langt utpå neste dag får lesaren avisa. Nå får lesaren ei betre vare, seier Olden Mala.
Redaktøren trur ikkje det vil slå negativt ut for Grannar å komma ut samtidig som Haugesunds Avis.
— Når me kjem om ettermiddagen, blir me hengande litt etter. Dette inspirerer meir til å vera på hogget, seier Olden Mala, som førebels ikkje veit om deadline vil bli forskyve lengre ut på ettermiddagen.
Det er berre i dei tre primærkommunane Etne, Ølen og Vindafjord at Grannar nå blir morgonavis. Abonnentar utanbygds vil framleis få avisa med posten.