Grannar litt fram

— Det er himmelvid skilnad på pluss og minus. Difor er me sjølvsagt veldig glade […]

— Det er himmelvid skilnad på pluss og minus. Difor er me sjølvsagt veldig glade for ein opplagsauke på ti, seier dagleg leiar Liv-Kari Bødtker.
Totalt mista norske aviser i fjor eit opplag tilsvarande 45.000 eksemplar. Kvar einaste dag. VG og Aftenposten med sine to daglege utgåver stod åleine for mest 2/3 av dette fråfallet. Vinnarane var dei typiske nisjeavisene. Med Morgenbladet på ein klar førsteplass. Dei opplevde ein vekst i 2004 på over 40 prosent (3.353 eks)! Dagens Næringsliv auka på ny, og passerte både 70.000 i opplag og Stavanger Aftenblad som den sjuande største avisa i landet. Vårt Land gjorde det skarpt. Det same var tilfelle også for ei rekkje andre kristne aviser.

Vekst i 13 år
Medan mange av riks- og distriktsavisene fekk til dels store og raude tal i opplagsrekneskapen for 2004, klarte dei 94 små og mellomstore medlemmene i Landslaget for Lokalaviser (LLA) samla sett å auka avissalet sitt med 0.8 prosent.
— I seg sjølv ein svært sterk prestasjon. Og det vert ikkje akkurat mindre sterkt når ein veit at dette var det 13. året på rad at LLA-avisene opplever opplagsvekst. Me har så definitivt etablert oss som sterke og viktige berebjelkar i lokalsamfunna. Ein naturleg møteplass for informasjon, debatt og handel. I ei tid der det fløymer over av tilbod, og der sjølv dei mest eksotiske nettavisene aldri er meir enn eit tastetrykk unna, så ønskjer folk meir enn nokon gong det lokale. Men ikkje for ein kvar pris. Kvaliteten må også vera god. Og det har dei langt fleste lokalavisene skjøna. Eg er imponert og stolt over det medlemmene våre har fått utretta dei siste åra, seier generalsekretær i LLA, Rune Hetland.

Må sjå bak tala
Dei fem siste åra har Grannar opplevd at opplagstala deira har vorte reduserte. Men berre heilt mikroskopisk. Nett som årets auke på ti aviser også må få tittelen mikroskopisk.
Ansvarleg redaktør Aslaug Olden Mala seier at sjølv om framgangen er liten, er det positivt at pila nå viser rett veg.
— Det er aldri kjekt å gå tilbake, derfor gler me oss over oppgangen i 2004. I redaksjonen har me satsa meir på å dekkja det som skjer rundt i bygdene. Ein basar i Imsland kan vera ei like stor sak for dei som eit stort arrangement i Etne, seier Olden Mala.
Liv Kari Bødtker er også glad for oppgangen og er oppteken av at ein ser litt bak tala.
— I primærområdet vårt har me hatt ein grei vekst i alle desse åra. Det er abonnentar som bur utanfor Etne, Ølen og Vindafjord som har ramla frå. Dei utgjer faktisk så mykje som 25 prosent av totalopplaget vårt. For å få svar på lesemønsteret til folk, planlegg me nå å gjennomføra ei lesarundersøking, fortel Bødtker.

Mest fram i Ølen
2004 viser at det er i Ølen Grannar har auka mest. Ulikt trenden i resten av landet, er det på laussalet at auken kjem.
— I Ølen hadde me ein auke på 22 abonnentar. Det er me godt nøgde med. I Vindafjord auka talet med 11 og i Etne med fire. Målet vårt er å ha ein større dekningsgrad i dei tre kommunane våre, enn det Haugesunds Avis har. I Etne er me størst. I Ølen er det rimeleg jamt, medan HA er størst i Vindafjord. No gjekk jo Haugesunds Avis attende med 705 eksemplar i fjor, så kanskje me har posisjonert oss enno litt betre før neste måling av dekningsgrad, spår Bødtker. Til kommuneleiinga i dei tre (snart to) kommunane har ho følgjande oppmoding:
— Ei rekkje kommunar i landet kjøper studentabonnement på lokalavisa til ungdomane sine som er vekke for å ta utdanning. Det er ei rimeleg investering for at dei skal halda seg oppdaterte med kva som skjer på heimefronten, og samstundes få lyst til å venda heim att etter ei tid. Slik kommunen også ønskjer at dei skal gjera.