Grannar til frukost

På same tid vil Grannar-tilsette dela ut gratis aviser til bensinkundar og andre morgonfuglar ved […]

På same tid vil Grannar-tilsette dela ut gratis aviser til bensinkundar og andre morgonfuglar ved bensinstasjonane i distriktet for å markera overgangen til morgonavis.

Med omlegging frå ettermiddagsavis til morgonavis, følgjer Grannar trenden i bransjen. Me konkurranse frå mange hald, ikkje berre aviser i nærområdet, men frå radio, TV og internett, er kampen om lesarar og annonsørar stadig blitt tøffare. Det er ikkje berre på innhald me konkurrerer, men også på lesarane si tid. Dei fleste har dagane fylte med oppgåver frå tidleg dag til langt på kveld.

Aviser er ei ferskvare som går tidleg ut på dato. Difor er det ein stor fordel med kortast mogleg tid frå avisa er trykt til ho kjem på bordet til lesaren. Slik situasjonen har vore til nå har avisa vore trykt tidleg ettermiddag og først langt utpå neste dag har lesarane fått avisa. Nå kan dei aller fleste få lesa Grannar til frukostkaffien.

Ved omlegginga har Grannar gått over frå Posten som distributør til Diivest. Det medfører at Grannar kjem i postkasen saman med Haugesunds Avis. Me trur ikkje det er noka ulempe for oss. Tvert om kan det vera ein ekstra inspirasjon til å vera på hogget.

Samstundes som me ønskjer lesarane våre til lukke med ei ferskare avis, vil me nytta høvet til å takka alle postboda for godt samarbeid og vel utført jobb gjennom mange år.