GrannKam ser framover etter nok eit tap

Stegaberg – GrannKam 6 – 1 (3 – 0) Mål for GrannKam: Roger Vaka 3 […]

Stegaberg – GrannKam 6 – 1 (3 – 0)
Mål for GrannKam: Roger Vaka 3 – 1 (60. min.)
Gult kort: Robert Furdal og Anders Helle Gundersen, GrannKam

— Stegaberg er eit topplag og det beste laget me har møtt til no i år. I dei andre kampane har me lenge vore på høgde med motstandaren, men det var me ikkje fredag, fortel GrannKam-trenar Svein Tore Haraldseid.
Etter vel halvtimen stod det 3 – 0 til heimelaget. GrannKam vann for få duellar, og vart for tafatte mot vertane.
— I andre omgong kom me meir med og fekk ei scoring ved Roger Vaka. Då var me til tider på høgde med Stegaberg. Men då dei gjekk opp til 4 – 1, ramla me nedpå igjen, fortel Haraldseid.
Trenaren er ikkje overraska over den dårlege sesongstarten. Dårlig treningsframmøte og nykomponert lag viser igjen.
— Me vil bli betre etterkvart. Når me blir litt meir samspelte som lag og får fleire treningar saman, vil me få meir sving på dette. Til no har me heller ikkje klart å hatt toppa mannskap til kamp, men det håpar eg me får til oppgjeret mot Vats 94/Skjoldar neste måndag, seier Haraldseid.