Gratis drahjelp

Den verdskjende arkitekten meiner merkevara Etne med sitt nostalgiske fjordlandskap må bli eit senter for […]

Den verdskjende arkitekten meiner merkevara Etne med sitt nostalgiske fjordlandskap må bli eit senter for økologi, landbruk og rekreasjon, og stå for alt som er «godt norsk». Til Haugesunds Avis seier han at gründer + nostalgi = Haugalandet.

Thorsen er sjølv frå Haugalandet og kjenner såleis både natur og folk. Samstundes har han gjennom sitt prislønna arkitektselskap Snøhetta henta inspirasjon og kunnskap frå alle kantar av verda. Når ein person med hans bakgrunn talar, bør fleire enn dei frammøtte på Haugalandskonferansen lytta. For Etne sin del må desse orda komma som manna frå himmelen. Med nedgang i folketalet over fleire år og på botn av statistikken over nyetableringar, har det ikkje vore mykje å skryta av.

I dagens Grannar fortel eit sambuarpar frå Nederland at Noreg og Etne blei eit soleklart val då dei hadde bestemt seg for å flytta til eit anna land. Etter ei ferieveke i Etne i januar, då stormar og uver herja som verst, var valet klart. Dei reiste heim og pakka kofferten og sette nasen mot nord igjen. Denne gongen for godt.
Me kan spørja oss kva som gjer at det er andre som må opna augo våre for det som ligg rett framfor nasen vår. Det er vel det som kallast å vera heimablind. Men nå må bygdefolket vakna og gjera seg nytte av den gratis drahjelpa kommunen har fått.