Gratulerer SK Vats!

Det var mange som var skeptiske til at den vesle bygda skulle klara å stabla […]

Det var mange som var skeptiske til at den vesle bygda skulle klara å stabla eit A-lag på beina.
Men skepsisen er gjort skikkeleg til skamme. Frå starten i 7. divisjon har laget spelt seg oppover i divisjonane, heilt fram til 4. divisjon. Men det blei litt for tøft. Spelarane likar seg betre i 5. divisjon, der laget er nå.

Men det er ikkje berre på fotballbanen laget har sett spor etter seg. Det blei snart klart at den gamle grusbanen var lite eigna til fotballspel på dette nivået. Med hjelp av sponsorkroner, eit lite lån og stor dugnadsinnsats kunne laget invitera til kampopning på ny og flott grusbane alt i 1997. Og med den nye fotballbanen blei det ikkje vanskeleg å rekruttera nye spelarar til laget. Sosialt har SK Vats samla både dei unge og dei vaksne innbyggjarane i bygda på ein positiv måte.

Eldsjelene Øyvind Nord-Tveit og Åge Madsgård fortel i dagens avis at mellom 100 og 120 unge fotballspelarar er med i SK Vats i dag.
Og eldsjeler er eit stikkord for den store suksessen det unge laget har hatt. Me kjenner igjen namna til mange av dei både på og utanfor banen. Utan forkleining for nokon må me nemna Nordtveit-namnet. Det var nok ikkje berre glede hos rivalane då Vats-laget stakk av med måltjuven Dag Inge Nordtveit. Me har ikkje tal på alle måla han har scora, men det er ikkje få. Det at SK Vats har rekruttert ein landslagsspelar, også han med etternamnet Nordtveit, er berre til å ta av seg hatten for. Me følgjer med spenning Vegard Nordtveit sin vidare i karriere på fotballbanen.
Me ynskjer jubilanten til lukke med dei første ti åra og ser fram til mange spennande oppgjer å banen i Vats.