I alt 40 personar står bak Seterhelga på Eikemosetra.
— Det er vi som bur her, pluss slekt og vener, som står bak, og sjølv om det er veldig travelt, har vi det utruleg kjekt, seier leiar i seterkomiteen, Nils Kjetil Eikemo.
Og travelt er det når ein veit at søndag morgon var det dekka langbord, der rundt 100 personar åt frukost med nysteikt brød og rundstykke sjølv om regnet plaska ned.
— Det dårlege veret skaffa oss mykje ekstra arbeid, men alle sat under tak, fortel Eikemo.
Nytt grauttelt
261 personar var innom på Eikemosetra i helga, og det er mange nok til at arrangørane får det heile til å gå i hop økonomisk.
— Vi har faktisk eit bra overskot, som vi vil investere i eit nytt grauttelt. Nå er vi så stygt behandla av vergudane etter kvart at til fem årsjubileet neste år, skal eit nytt telt vere på plass, seier Nils Kjetil Eikemo. Seterkomiteen har alt bestemt at det skal bli ny seterhelg på Eikemosetra siste helga i juli neste år. Då er det fem år sidan første seterhelg.
Underhaldning og dans
Alt låg til rette for at denne helga skulle bli fin. Både underhaldning og eit godt danseorkester var på plass. Berre vergudane også kunne vore på lag, men det var dei ikkje. Mørke skyer og regn lurte alt frå dei første vart henta på kaia i Viskjer klokka femten om laurdag ettermiddag. På Eikemo-sida stod traktorar klare til å ta gjestene opp til setra, og mange traktorlass med setergjester følgde på utover kvelden. Dei fleste hadde telt med, og snart var ein heil teltleir på plass.
Rømmegraut og grillmat venta, og folk kosa seg rundt varmen frå bål og under presenningar som kom fram etter kvart.
Eli Kvalvågnes frå Åkra i Kvinnherad song kjende og kjære songar. Ho fekk også publikum med i allsong. Ein sjølvkomponert song om livet på Eikemo vekte ekstra applaus.
Då turen var komen til danseorkesteret, auka regnveret på, og det var berre dei som var lettast på foten som kunne våge seg utpå grasvolden.
Graut som smaka
I alt 40 personar står bak Seterhelga på Eikemosetra. — Det er vi som bur […]