Grendeskular viktigare enn friskule

Friskular på kommersielt grunnlag er me mot. I kommunar med mange mindre bygder som i […]

Friskular på kommersielt grunnlag er me mot. I kommunar med mange mindre bygder som i Vindafjord kjempar me for ein god desentralisert barneskule med nærleik til oss som bur her. Ein friskule her ville setja strukturen me har i fare for ytterlegare sentralisering. Det vil me ikkje risikera. Når det gjeld Øvre Vats friskule spesielt, og eventuell etablering i gamleskulen, meiner KrF at desse bygningane må prioriterast til barnehagen som nå er etablert.
Bakgrunnen for mitt og KrF sitt initiativ i 2002, om å samla barnehagen for heile Vats i Øvre Vats skule, var bl.a. potensialet dette gir for ein stor og god barnehage. Lokaliseringa muliggjer at eit stort dekningsområde, både innover og utover i distriktet, kan nytta tilbodet. Difor må romkapasiteten stå disponibel for fleire avdelingar. Vidare opna flytting frå skulen i Nedre Vats for betre romtilhøve for den samla barneskulen, samt at barnehagekapasiteten der ikkje vart avgrensa til ein eller to avdelingar i framtida. Ein friskule ville i første rekkje rokka ved forutsetningane for ein god offentleg barneskule i Vats. Med omsyn til vidaregåande friskular så har desse oftast inntak frå heile landet. Livsynsbaserte vidaregåande skular er av uvurderlig verde og må få behalda likeverdige økonomiske vilkår med offentleg skule. Mellom mykje anna står dette i fåre ved eit mulig sosialistisk fleirtal til hausten.

Oddvar Haugland,
Kandidat for Vindafjord KrF