Grenser for alkohol

Det skjer som oftast ikkje så mykje i denne rulleringa, og det bør det heller […]

Det skjer som oftast ikkje så mykje i denne rulleringa, og det bør det heller ikkje sidan utebransjen treng nokolunde stabile rammer. Dei ti-femten siste åra har det handla om å skru opp kranane, og det er difor ein ny tone at politikarane i Etne og Vindafjord skal ta stilling til forslag om å kutte ned på skjenkjetida. Det er ein nødvendig debatt.

Avvikling av ølmonopol, fjerning av taket for antal skjenkjeplassar, og innføring av dei mest liberale skjenkjetidene på Haugalandet, er dei mest sentrale grepa som er gjort i alkoholpolitikken i dei to kommunane dei seinare åra. Gamle Vindafjord gjekk i bresjen for alkoholservering som er meir liberal enn Haugesund sine vedtekter.
No blir det stilt spørsmål om det er nødvendig med servering av alkohol til klokka to om natta, og forslaget er å stramme inn ein time.
Nattservering er tema i fleire byar over heile landet fordi sein skjenking får skulda for at det blir stadig meir fyll og bråk. Politikarane i og rundt Stavanger er i ferd med å stramme inn.

Utebransjen vil naturleg nok ikkje bli like begeistra dersom serveringa skal stoppe ein time før enn i dag. Men ein kan stille spørsmål om ikkje bransjen her i distriktet også bør kunne leve med skjenkjestopp klokka eitt om natta dersom det blir normal praksis andre stader.
Det er ikkje bråk, vald og fyll som er den mest aktuelle grunnen til å endre skjenkjetidene i Etne og Vindafjord. Men også her vil nattefreden senke seg tidlegare i det offentlege rommet når serveringa ikkje stoppar fullt så seint om natta. Etne og Vindafjord bør vedta like skjenkjetider, og politikarane bør ha gode grunnar for at utebransjen skal servere alkohol lenger ut over natta enn i andre kommunar på Haugalandet.