Skal ein få til eit slikt ønskjemål, så må kyrkjemusikken tilpassast den tida ein lever i – og ikkje stivna til i gammaldagse former. Heiter det. Ein snakkar óg om gammaldags og moderne kristendom, og det veit dei fleste i samfunnet kva er nå.
Men dette er eit interessant tema sett i historisk samanheng. Berre for femti år sidan, var det heilt utenkjeleg at musikkinstrument som trekkspel og fela kunne brukast i kyrkjene våre – i alle fall på våre kantar av landet. Den grensa har flytta seg forlengst utan at kyrkjefolket har merka det, trur eg.
Det same vil truleg samba- og salsa-rytmane.
Ordet og omgrepet dans har og fått ein ny klang i kyrkjesamanheng i høve til for nokre år sidan. Dansen skal vera utrykk for glede, heiter det nå – også frå kyrkjeleg hald.
Frå ei av kyrkjene i Sunnhordland var det for ei tid sidan ein reportasje om dans. Runddans – vals, reinlender, mazurka – med andre ord: gamaldans framføre koren i kyrkja: Positivt, uttalte presten. Og med svingande samba- og salsarytmer vert det lansert eit anna syn på dansen. ”Tred inn i dansen,” heiter det nå, ein tradisjon som kjem frå sør på kloden.
I mange år har kyrkjene vore eit attraktivt konsertlokale for mange ulike musikkgrupper som er på turné i landet. Rett nok har repertoaret vore utsett for kritisk vurdering for å reinska ut or programmet melodiar som ikkje ville høve å framføre i kyrkja. Somme har og reist spørsmålet om det er kommersielle vurderingar frå musikkgruppene si side i og med at konserten har vore lagt til kyrkjene.
Stillheit og høgtid
Når det gjeld dei nye «tonane» frå kyrkjemusikkrådgjevaren, så vil nok desse bli tilpassa gudstenestene. Det er truleg heller inga grunn til reaksjon, om så skulle vera. Grenser flyttar seg. Kanskje, ein gong i framtida vert det hardrockekonsertar i kyrkjene. Også kyrkja må diverre gje etter for tida og nye tradisjonar og grenser.
Alt skal tilpassast i dag på godt og vondt. Me ser det i barnehage- og skulepolitikken kristne tradisjonar endrar seg eller forsvinn – religion, moral, familiemønster. Du kan like det eller ikkje, det er som ein flaum som ikkje i tide har fått ei demning å stå imot med. Om femti år er mykje gløymt og samfunnet vil vera eit heilt anna. Men pengegaloppen vil ikkje kunne stansast. Alt i dag er pengane blitt ein gud for samfunnet.
Me lever i eit støysamfunn. Larm og bråk pressar seg inn også i kyrkjerommet, som burde vera ein stad for stille oppleving, høgtid og fred, larm og bråk tyt i dag ut og når oss i alle samanhengar. Frå morgon til kveld og inn i natta.
Ein av våre diktarar har mellom anna sagt litt om det: Paradokset: «Rare menneske» som jager mot stjernene, men lengter etter en knaus i skogen som myrder stillheten om dagen – men skjelver for den om natten som har avskaffet Gud – men søker en mening”.
Eg snakka eingong med ein mann som kanskje ikkje var den flittigaste kyrkjegjengaren. Somme sundagar gjekk han til skogs for å finna den store stilla og freden, langt frå larm og støy. Her hadde han si kyrkja, i skogstilla med den opne himmelen over seg. Der hadde han sin kontakt med sin Herre og Meister.
Men utviklinga er ikkje til å stoppa, og grenser er stadig på vandring. Heile tida. På godt og vondt. Menneska vert meir og meir pressa av denne ”grenseløysa”.
Men berre for ordens skuld, underskrivne er svært så begeistra for svingande tonar og rytmar, frå storband, frå piano, trekkspel, fela og andre instrument, ikkje minst orgel. Men alt til rette tid og rette stad.
Endre Heggen