Det hender, men ikkje ofte, at kval vert observert innover kysten mot fastlandet. Sindre Hetland, saman med kameratane Ørjan Bukkholm og Evald Bjørnevik, var mellom dei som såg den sjeldne gjesten frå båten sin i Ølensfjorden måndag ettermiddag.
— Me såg han først i firetida, og etter det følgde me med då han sumde fram og tilbake mellom Ølen og Ølensvåg, seier Sindre Hetland. Kvalen vekte oppsikt blant ølensbuen og mykje folk ville få med seg den sjeldne gjesten.
— Det er ikkje kvar dag me ser noko slikt, så me sendte meldingar til folk om at dei måtte komma å sjå, seier Hetland. Tidlegare har han sett niser lengre ute i fjorden, men aldri noko så stort som denne kvalen. Fram til kring halv titida på kvelden var kvalen observert i Ølensfjorden før han snudde utover fjorden att. Seinare vart den observert i Åkrafjorden.
Det var ei stund uvisst kva kval som var observert i Ølensfjorden, men mange meinte på at det var ein våge eller grindkval. Havforskingsinstituttet i Tromsø har fått sett nærmare på bilete av kvalen og konkluderar med at det er ein grindkval. Grindkvalen er kring halvparten så stor som ein vågekval på rundt seks meter og tre tonn. Kvalen er vanleg langs norskekysten og lev vanlegvis i flokkar på nokon titals til hundre individ. Det er derfor ingen tvil om at kvalen har kome seg bort frå flokken og sumd innover fjordane.
Seinare er truleg den same kvalen observert i Åkrafjorden mellom Markhus og Bjellandsnes.
Grindkval observert i Ølensfjorden
Det hender, men ikkje ofte, at kval vert observert innover kysten mot fastlandet. Sindre Hetland, […]