Grip fatt i utfordringane

Fusjonen handlar mykje om utfordringane frå WTO-forhandlingane, og det er langt frå sikkert at gevinsten […]

Fusjonen handlar mykje om utfordringane frå WTO-forhandlingane, og det er langt frå sikkert at gevinsten av fusjonen går direkte i lomma til norske bønder. Det blir like gjerne forbrukarane, eller andre ledd i kjeda som får gevinsten på 130 millionar kroner som er skissert.
Glade for fusjon
— Fusjonen er ein siger for norsk landbruk. Det er heilt nødvendig med alliansar og vekst for å møte framtida. Det er ikkje utan grunn at både fusjon og WTO er tema på produsentmøtet vårt. Det er to sider ved den same saka, seier Sigve Sørheim som sit i styret for Gilde Vest.
— Vi må styrke konkurransekrafta og effektivisere, det er ingen veg utanom. Konkurransen frå utlandet blir større, det ser vi i dag. Difor er ein slik fusjon til det beste. Utfordringane blir ikkje mindre framover, men heller større, seier Elisabeth Kallevik Nesheim.
Småprodusenten frå Vats har plass i konsernstyret i Prior og er dermed sentralt plassert i fusjonsplanane.
Denne vurderinga deler også Rasmus Tore Stople, leiar for kontaktutvalet for Gilde i Nord-Rogaland og Sunnhordland, og Karluf Håkull, fagkonsulent for småfe i Gilde.
Vedtar i april
Fusjonen til Gilde Prior BA skal opp i årsmøta til Gilde Norsk Kjøtt og Prior Norge den 25. april. Førstkomande måndag blir lokale produsentar både i Gilde og Prior i Nord-Rogaland og Sunnhordland, inviterte til Vindafjordhallen for å få vite meir om fusjonen der konserndirektør Egil Olsvik i Gilde og styremedlem i Prior, Elisabeth Kallevik Nesheim, skal informere og svare på spørsmål.
Bønder i svevet
— I tillegg til effektivisering kan vi styrke oss i forhold til forbrukarane og kjedene. Det kan også vere aktuelt med blandingsprodukt av lyst og mørkt kjøt. Dette er også viktig for næringsmiddelindustrien, seier Nesheim.
Ho ser ikkje vekk frå at det kan vere dei som er motstandar av å slå saman to tradisjonsrike selskap der medlemmer føler sterk identitet.
WTO-forhandlingane og ny handelsavtale for landbruksvarer blir truleg eit like sentralt tema på møtet. Norsk landbruk er i svevet utan å vite kor nedslaget blir.
— Konserndirektør Egil Olsvik er ein mann som kan mykje om WTO, og sjølv om mykje er usikkert, er det viktig med så oppdatert informasjon som mogleg, meiner Rasmus Tore Stople.
— Det er mange store spørsmål ute og går for landbruket. Det skapar ein del frustrasjon som folk sit inne med. Mange føler kanskje dei veit for lite til å stille det rette spørsmålet. Difor er det viktig å lufte ut litt, seier Karluf Håkull.
Tar ministeren på ordet
Håkull trur bønder tærer på reservane i dagens situasjon og registrerer lite investeringslyst med unntak av det som skjer i purkeringar og samdrift.
— Inntrykket mitt er også at særleg dei som driv med storfe, ventar på ei avklaring i WTO. Det blir spennande å sjå kva som skjer med importvernet og internstøtta. Vi må ta landbruksministeren på ordet når han seier at vi gjennom nye ordningar framleis skal kunne ha eit landbruk over heile landet. Det har regjeringa også sagt i erklæringa frå Soria Moria, seier Sigve Sørheim.
Spørsmålet om å slå saman egg og bacon blir nok avgjort lenge før ein WTO-avtale er i boks.