Gripande møte med far sin

Ingvar Moe døydde for 14 år sidan 56 år gammal. — Han vil alltid bli […]

Ingvar Moe døydde for 14 år sidan 56 år gammal.
— Han vil alltid bli hugsa for sine humoristiske kåseri på NRK radio, og sine i alt 26 bøker der han var aktiv i dei fleste sjangrar, seier Amund Enge. Ingvar Moe skreiv også fleire tekstar til popsongar til populære artistar som Olav Stedje, Stanly Jacobsen, Vamp ets.
— Bjørn Erik Moe var 21 år då faren Ingvar døydde og hadde klare tankar om korleis han såg ut. Han blei mektig imponert og ikkje så lite rørt over å sjå kunstnaren Vidar Mæland sitt utkast til
byste over ein kjær far. Moe fortel at familien set pris på initiativet som er tatt for å få sett opp eit monument over Ingvar Moe, fortel Amund Enge.
På sponsorjakt
Kunstnaren Vidar Mæland har sjølv berre møtt Ingvar Moe når han som unge var på besøk hjå besteforeldra Marie og Vidar Mæland i nabohuset til familien Moe i Etne sentrum. Faren Arne derimot kjende Ingvar og kan derfor gi gode råd om korleis han såg ut.
Amund Enge fortel at dersom dei klarer å finansiera prosjektet, er målsettinga å avduka bysten laurdag 9. desember. Ingvar Moe ville fylt 70 år 11. desember.
Bysten tar utgangspunkt i Ingvar Moe si debutsamling «Løktastolpefrø» og diktet med same namn.
— Me vil òg prøva å laga det til slik at du kan høyra diktaren sjølv lesa dikt når du står og ser på bysten, seier Enge, og fortel at
plasseringa heller ikkje er tilfeldig.
— Bysten over Ingvar Moe vil bli ståande der Ingvar oppheldt seg mykje i barne- og ungdomstida, nemleg i Sjoargarden der bakeriet til faren Sigurd stod, mellom Sæbøe-huset og Spar, seier ordføraren.
Han fortel at heile prosjektet har ein kostnad på 100.000 kroner.
— Det er ikkje mykje når ein skal heidra ein mann som har betydd så mykje for Etne og sett vår kommune så ettertrykkeleg på kartet som han har gjort, seier Amund Enge, som nå tar ein runde med næringslivet i kommunen å skaffa sponsorpengar til bysten.