Gul løysing på søppelpress

— No kan alle husstandar kjøpa seg ein slik gul sekk dersom dei ikkje får […]

— No kan alle husstandar kjøpa seg ein slik gul sekk dersom dei ikkje får plass til alt restavfallet i den svarte dunken. Denne gule sekken skal plasserast attmed restavfallsdunken, og vert henta saman med det andre bosset, seier Evy Lærdal ved Haugaland Interkommunale Miljøverk.
Farleg avfall og matavfall høyrer ikkje heime i den gule sekken. Returbart avfall ser ho helst at ein leverer til gjenvinning.
—Ein kan kasta alt det som høyrer heime i restavfallsdunken i sekken, seier ho.
Teneste som kostar
Dei gule sekkane blir å få kjøpt i daglegvarebutikkar og bensinstasjonar i distriktet frå og med denne veka. Ein rull med fem sekkar kostar 150 kroner. Det er også mogeleg å kjøpe ein enkelt sekk for tretti kroner.
— Det høyres kanskje dyrt ut, men ein må hugsa på at prisen inkluderer distribusjon av sekkane og henting og behandling av avfallet. Det er tenesta som kostar, og ikkje berre sekken, seier Evy Lærdal.
Auken i avfallsmengde har galoppert dei siste tre åra. Fulle containerar og ulovleg dumping har blitt meir og meir vanleg. Det nye tiltaket skal gjere det enklare for folk flest å bli kvitt overflødig avfall, og forhåpentlegvis vert presset på konteinarane mindre. Det er inga øvre grense på kor mange gule sekkar ein kan levera.
Stor avfallsauke
Denne ordninga har fungert svært godt både i Haugesund og på Stord i mange år, opplyser Lærdal.
— Eg trur folk kjem til å bruka dette tilbodet, det er i alle fall eit behov for det, seier ho.
Dei siste tre åra har avfallsmengda auka med 6 -7 prosent kvart år.
— Det er ein så stor auke at me må finna løysingar på avfallsproblemet mange hushald slit med. Auken skjer i samanheng med at velstanden har auka, seier Evy Lærdal.
Ho vonar at mange vil bruke tilbodet og at den gule sekken kan vere eit steg i rett retning i kampen mot det overflødige avfallet.