Gullkonfirmantar – kva var vitsen?

Folk me har snakka med har òg lurt på dette usynlege bilete, dei måtte ta […]

Folk me har snakka med har òg lurt på dette usynlege bilete, dei måtte ta fram lupa for å få auga på kjentfolk. Det kan då ikkje ha nokon interesse for Grannar sine lesarar med bilete ein knapt kan skimte?
Me var 30 konfirmantar som møtte til jubileet. Er det slik at Grannar ikkje er interesserte i slike «små» hendingar i lokalsamfunnet, er det så at de heller vil bruke avissidene på innkjøpt stoff bl.a. frå Norsk Barneblad og radio og tv program?
Dersom så er tilfelle kan me opplysa om at som utflytta etnebuar er det uinteressant å abonnera på ei slik avis. Me har alltid trudd at ei lokalavis skulle innehalde lokalt stoff og nyhende frå – i dette tilfelle – Grannar distrikta. Me ynskjer dykk lukke til vidare med avis med lokalt innhald.

Liv Sølvi Frøkedal Bakke
og Borgny Sørheim
festkomitéleiarar)