Gutta boys på jakt

Frå fredag til tysdag har gjengen på seks middelaldrande karar hatt hjortejakt som viktigaste ingrediens. […]

Frå fredag til tysdag har gjengen på seks middelaldrande karar hatt hjortejakt som viktigaste ingrediens.
— Det er eit langt, godt friminutt for «gutta boys». Bort frå jobb og familie, seier Øystein Dolven frå Stavanger.
Det heile starta for seks-sju år sidan då Josef Blikra møtte ein jaktinteressert kar på eit møte i Oslo. Blikra inviterte han heim til seg og på to timar skaut dei to dyr. Det fekk ballen til å rulla og utvikla seg til det som i 2001 fekk namnet Vats Opplevelse.
— To-tre veker etterpå ringte karen og lurte på om han kunne ta med seg jaktkameratane sine. Dette er folk som jobbar i toppsjiktet i næringslivet og kanskje ikkje kan ta seg ei veke fri. Viss det ikkje passar for ein, inviterer dei med seg ein annan, seier Blikra, som fortel at denne karen tilhøyrer jaktlaget som var i Vats i helga, men at hovudpersonen sjølv ikkje kunne komma i år.

Jakt dagen lang
Tysdag morgon er to i sekskløveret allereie reiste, og dei fire andre gjer seg klare for heimturen. Årets hjortejakt er over for deira del. Gjengen kan ikkje få rost vert Bjørn Steinar Nesheim nok for opphaldet.
— Det er ei fantastisk oppleving å komma hit, seier Jan Tore Berger Knutsen frå Oslo, som er med for fjerde gong.
— Huset er fantastisk. Det er gjennomført frå A til Å. Det å berre vera i huset er ei oppleving i seg sjølv, seier Berger Knutsen om huset på Nesheimstunet frå 1850.
Men dei erfarne jegerane er ikkje komne til Vestlandet for å ligga på sofaen. Dei nyttar kvar ein sjanse til å jakta og oppleva naturen i området.
— Me har vore på jakt heile tida. Halv seks om morgonen drar me ut, så kjem me tilbake litt før ni, et frukost, smør oss gode matpakkar og drar ut i fjellet. Me er ikkje tilbake før i 24-tida om kvelden, seier Martin Mæland, busett i Oslo, men opphavleg frå Haugesund.
Med fem skotne dyr av seks moglege klagar ikkje kameratane på utteljinga. Tre av dyra blei felte siste kvelden, og Martin Mæland var mannen bak to av dei.
— Eg føler eg luktar innvollar framleis, seier han morgonen etter.
— Kor viktig er det å få dyr?
— Viss ingen hadde fått noko, ville det vore nedtur. Så lenge nokon får noko, er det greitt, seier Mæland.
— Rimeleg pris
Jaktlaget betaler rundt 6.000 kroner kvar for opphaldet. Då får dei overnatting, eit måltid og to guidar inkludert i prisen, og dei har høve til å skyta eitt dyr. Dersom dei vil ha med seg kjøtet, betaler dei 60 kroner kiloen.
— I forhold til opplevinga, er det rimeleg og greitt. Det er verdt pengane, elles hadde me ikkje vore her, seier Jan Tore Berger Knutsen.
— Ein må sjå det i forhold til ei vekes ferie ein annan stad, seier Gunnar Dolven, før dei forlet Vats og Bjørn Steinar Nesheim kan gjera huset klart til neste jaktlag.