Hærverk på venterom

Men det var ikkje lenge det etterlengta bygget fekk stå i fred. Herverk og vandalisme […]

Men det var ikkje lenge det etterlengta bygget fekk stå i fred. Herverk og vandalisme blei snart eit problem. Grannar har tatt bilde og skrive om pøbelstrekar fleire gonger. Nå er det blitt så alvorleg at Vindafjord kommune, som eig bygget, ikkje har sett annan utveg enn å stengja dørene.

Knut Egil Berge i Vindafjord kommune fortel at det ikkje er uskuldige barnestrekar det er snakk om, men utspekulert herverk. Han opplyser at kommunen har brukt opp til 30.000 kroner i året på å reparera skadar og kjøpa nytt utstyr. I tillegg flyt terminalen over av flasker og søppel og heile veggene er dekte med det Berge karakteriserer som griseprat. Etter hans meining ikkje nokon god reklame for bygda Ølen.

Kaien i Ølen har vore eit knutepunkt for buss- og båtkorrespondanse i alle år. For reisande i vårt distrikt har venting i Ølen vore ein naturleg del av reisa. Eit tilfredsstillande venterom har av den grunn vore eit sterkt ønske og krav. Gleda var derfor stor då den nye og flotte terminalen kom for to år sidan.
Det at kommunen nå må stengja dørene på grunn av herverk, er å beklaga på det sterkaste.

Me har ikkje forslag på kva som kan gjerast for å få slutt på herverket. Det einaste me kan gjera er å oppmoda ungdommane om å slutta med denne form for aktivitetar. Me kan ikkje med vår beste vilje og fantasi forstå kva glede det er i å grisa til og ramponera eit nytt og flott bygg som dette.