Haldningar

Dette er ei samfunnsutvikling som lenge har vore synleg i byane. Dei siste åra har […]

Dette er ei samfunnsutvikling som lenge har vore synleg i byane. Dei siste åra har bygdene også fått merka denne negative utviklinga. No er trenden godt synleg også i Etne og Vindafjord.
Tala lensmannen presenterer burde skremma mange. Nær femti prosent fleire narkotikasaker så langt i år samanlikna med i fjor fortel om ein eksplosjon i dette miljøet. Over ei dobling i talet på personar som er tekne for ruskøyring, er også svært mykje. Mange køyrer også utan førarkort.
Lensmannen varslar fleire dødsulykker dersom ikkje det blir ei endring i trenden. Kvar den skjer, veit ein ikkje. Heller ikkje kven som vert råka neste gong.

Mange kan ta ansvar for at utviklinga ikkje skal gå enda meir i negativ retning. Først og fremst er det foreldre og andre i familien som må vera observante. Dei kan lettast oppdaga endringar. Men både vener, medelevar og arbeidskollegaer veit ofte, men utan å gjera noko med det. Det same gjeld truleg også dei som jobbar ved utestadar.
Lensmannen peikar på at det ikkje er tysting å seia i frå når nokon køyrer i rusa tilstand. Det har han sjølvsagt heilt rett i, men det er heller ikkje alltid lett. Likevel har alle eit ansvar i så måte. Det vil vera for seint å gjera noko etter at det har gått gale.

Førebyggjande arbeid er viktig for å motverka trenden. Rundt i kommunane våre skjer det også mykje bra arbeid. Store delar av dette er i frivillig regi.
Arbeid blant born og ungdom er noko ein må satsa meir på, men det viser seg ofte vera vanskeleg å få tak i vaksne som vil stilla opp. Ei prosjektgruppe i Vindafjord føreslår å satsa ein million kroner på ungdomsklubbar. Det er eit godt tiltak dersom pengane blir brukt på rett måte til å skapa rusfrie miljø for dei som skal veksa opp. Men pengar er heller ikkje alt. Det viktigaste er kvar einskild si haldning.