Halleluja og illsinte pensjonistar

Innslaget Kok og kjøl var ein skikkeleg innertiarar. To makelege papirflyttar på det nye «sørvistorget» […]

Innslaget Kok og kjøl var ein skikkeleg innertiarar. To makelege papirflyttar på det nye «sørvistorget» i Ølen fekk kjenna pensjonistane sin harmdirrande motstand mot tankane om at dei skal serverast oppvarma mat. «Me vil ha komla» og «Nei til kuskit» var nokre av bodskapane på demonstrasjonsplakatane deira. Til slutt rann det over for dei to hissige pensjonistane, som blei spelte av Edvard Olsen og Kjell Idar Hognaland. Dei pinnheldt i gåstolen med eine armen samsundes som dei dengde laus på kommunearbeidarane med plakatane sine.
Tre gonger Kalstveit
Jones Halleluja var eit anna blinkskot. Ove Johnny Ohm kledde rolla som ein syngjande og gitarspelande Jone Hatteland, omsverma av to fagre terner. Heile salen stemde i halleluja-koret. Til slutt reiste jamvel den ekte Jone Hatteland seg opp nede i salen, og stemde i.
Åsmund Kalstveit er lett å gripa fatt i for ei revygruppe. I Vats-revyen hadde han tre personlegdommar. Som politikar, som bonde og som kulturmann. Kontroversen med Berge Kjell Opsal etter valet i haust ordna revy-Kalstveiten opp i med ein fiffig telefonsvarar.
Pølser og høns var eit anna perleinnslag, som appellerte til frodig fantasi hjå tilhøyrarane. Bondelagsleiar Arve Mjølhus og styremedlem i Prior, Elisabeth Kallevig Nesheim, hadde ein tilsynelatande uskyldig drøs på Bondepuben. Stakkar Edvard Olsen, i rolla som Arve Mjølhus, kunne ikkje anna enn å setja ølet i halsen då pubvertinna snakka seg varm om pølsa hans og om høna si, og om alle fordelane ved å slå seg i lag.
Imitator på høgt plan
Øyvind Håkull fekk visa fram imitatortalent på eit høgt plan. Han opna revyen som varaordførar Reidar Håvås, og kom seinare tilbake med andakt som gamleprest Trygve Sandvik. Begge tolkingane var geniale, både når det galdt dialekt og hovudpersonane sine måtar å ordleggja seg på.
Nyhetsinnslaga ved gravalvorlege Else Marie Innvær og Mariann Berakvam limte saman revynummera på ein fin måte. Nyhenda var så lokale som dei berre kan bli i ein bygderevy.
Alt i alt glitrande handverk frå ei revygruppe som ikkje tel altfor mange medlemmer.