Gunnar Ulland er eit kjent fjes, spesielt for både noverande og tidlegare elevar ved Ølen vidaregåande skule, og for dei som følgjer med i politikken. I godt og vel 40 år har Ulland jobba i skulevesenet.
— Mitt yrkesaktive liv starta like etter at eg var ferdig i marinen. Då fekk eg jobb som lærar ved det som den gong heitte Sandeid handelsskule. Planen var å jobba ei lita stund og tena meg opp litt pengar før eg skulle utdanne meg vidare. Men slik gjekk det ikkje. Eg fekk tilbod om å utdanne meg ved sida av ein fast jobb ved skulen og sidan eg lika meg svært godt, slo eg til, seier han.
Sidan den gong har Gunnar Ulland blitt verande i Sandeid. Dei siste åra har han hatt sin arbeidsstad ved Ølen vidaregåande skule, som inspektør og adjunkt.
— Eg har i hovudsak undervist i rettslære og norsk, seier han.
Pendla 60.000 km på sykkel
Gunnar Ulland vart fødd i Dale, som ligg mellom Bergen og Voss, i 1941. Etter krigen flytta han til Tau, og seinare til Sand. I 1965 kom han til Sandeid som 24-åring. Det vart etter kvart ikkje berre jobben som knytte han til Sandeid. Han møtte kona Audhild, som er frå Vikedal, og saman stifta dei familie og busette seg i Sandeid.
Gunnar Ulland er nok også eit kjent fjes for dei som dagleg køyrer strekninga Sandeid – Ølen, morgon og ettermiddag. Denne strekninga har nemleg Ulland sykla til og frå jobb i femten år.
— Når eg har rekna på det, viser det seg at distansen på desse åra er 60 000 kilometer, seier han.
Denne strekninga tilsvarer om lag halvanna gong rundt jordas omkrins. Sykling driv han mykje med elles òg, så til saman er nok avstandane han har lagt bak seg langt større.
Gunnar Ulland er ein sporty friskus. Han har til dømes tre maratonløp på merittlista. Det første løpet sprang han i Tromsø, løp nummer to gjennomførte han i New York og den til no siste maratonen, sprang han på Honolulu på Hawaii.
— Likar du å reise?
— Å ja, me har vore mange stader rundt om i verda. Spesielt godt likar eg meg i Thailand, Afrika og Kina. Me prøver å få til om lag tre meir eller mindre lange turar i løpet av eit år, seier han.
Politisk aktiv
Allereie på slutten av 60–talet vart Gunnar Ulland politisk aktiv i Høgre. Frå 1979 til 1999 var han inne i politikken. Blant anna var han i fire år leiar i fylkeskulturstyret i Rogaland i fire år, og avslutta som varaordførar i Vindafjord i 1999.
— Eg er hamna i politikken att no igjen. Det var ikkje planen, men eg var så dum at eg sa ja til å stå på ei liste, og vart vald inn i kommunestyret. Etter desse to åra, trur eg at det er stopp, seier han.
— Er det noko du er spesielt stolt av at du har fått vore med på?
— Eg er veldig glad for å ha fått vore med og halde liv i eit skulesystem her lokalt. Den vidaregåande skulen i Ølen har eit svært godt tilbod til ungdom. Elles er eg veldig nøgd med kommunesamanslåinga. Eg trur eg var den første som la fram eit forslag om ei kommunesamanslåing med Ølen, seier han.
Husmor og vaktmeister
Gunnar Ulland har sidan 2002 vore tilsett som prosjektmedarbeidar i Rogaland fylkeskommune.
Etter eit langt arbeidsliv held han i desse dagar på å rydde pulten og avslutte sitt siste arbeidsprosjekt.
— Korleis ser du på det å bli pensjonist?
— Det ser eg på med blanda kjensler. Det er på mange måtar vemodig, men samstundes skal det også bli godt, seier han.
— Har du planar for pensjonisttilværet?
— Ja, no skal eg gå inn i stillinga som husmor, vaktmeister og fjellmann, seier den spreke og sporty pensjonisten.