Med godveret denne helga var det duka for eit kjempeflott opphald for både spelarar og familiane som var med til Bø. Frå SK Vats 94 var det to lag, medan det var heile sju lag frå IL Skjoldar som deltok på Sommarlandcup.
IL Skjoldar hadde organisert fellesopphald, og i løpet av fredag ettermiddag og kveld vart Sanda camping nærast okkupert av dei 250 som kom frå idrettslaget. Gradestokken synte nokre grader høgare her enn kva den gjorde ved avreise heimanfrå, og det gjekk ikkje lang tid før borna hadde fått på seg badeklede og kasta seg ut i badevatnet. Med grilling, ballspel og andre aktivitetar, vart det ein sosial kveld på campingplassen.
Med kamp klokka åtte om morgonen, byrja laurdagen tidleg for nokre av laga. Det er ikkje like enkelt å komme seg opp før sju når både born og vaksne har starta campinlivet kvelden før. Men med sol frå blå himmel, kampar, bading og kos i Sommarland, var det ein innhaldsrik dag for både stor og små. For mange var dagens høgdepunkt konsert med Wig Wam om kvelden. Før Glam, Flash, Teeny og Sporty entra scenen i sin karakteristiske 80-talsstil, var det mange som nytta høvet til å få autografar og bilete av dei. Konserten sitt høgdepunkt var sjølvsagt når dei endeleg, som ekstranummer, stemte i med «In my dreams».
Kampane
Det var kampar både laurdag og sundag, og for dei yngste laga var det berre gruppespel. Dei eldste laga kunne kvalifisere seg til sluttspel, men trass i strålande innsats, vart det ikkje sluttspel på nokon av dei lokale laga i år. Det såg likevel ikkje ut til å prege spelarane noko særleg, med nærare 30 varmegrader kan det mest bli for varmt å spele kamp. Dermed kunne dei ta fatt på heimvegen etter ei helg full av opplevingar både på og utanfor fotballbana.