Halve livet i 4H

Freidig 4H i Vats er ein av dei største 4H-klubbane i Rogaland, om han ikkje […]

Freidig 4H i Vats er ein av dei største 4H-klubbane i Rogaland, om han ikkje er den største med sine 59 medlemmer. Laurdag mønstra alle saman det dei hadde jobba med gjennom året på haustfesten på bygdahuset.
Eit 4H-liv er frå du byrjar som aspirant som ti-åring og avsluttar med plakett når du er atten. Klubbrådgivar Lill Eva Dale fortel at det alltid har vore stor interesse for 4H-klubben i Vats. Men interessa er naturleg nok størst blant dei yngste, nokon fell som rimeleg er av når dei blir eldre.
— I fjor var det berre ein som fekk plaketten, det kjem nok litt av at det var ein liten klasse i det årskullet. Men så var det til gjengjeld mange dette året med heile åtte plakettvinnarar, seier Dale, som saman med Kristin Skare er rådgivar i den aktive klubben.
Stor breidde
Det ligg mykje arbeid bak eit 4H-år. Det viser ikkje minst utstillingane som medlemmene lagar til på haustfesten. På bygdahuset i Vats var både hallen og festsalen tatt i bruk for å få plass til dei 59 utstillingane. Utstillingane viste og stor breidde i tema og interesse. Av dei åtte plakettvinnarane hadde Ingrid Hognaland, dans, Siv Hafstad Stokka, teikning og måling, Eirik Selsaas, avløysar, Monica Frøland, gatebilar, Jørgen Torstveit, jakt og fangst, Aleksander S. Eikeland, bilcross, Alice Dale, folkemusikk, Einar Bakke hadde klassisk gitar og matlaging.
Alle åtte tykkjer det har vore svært kjekt å vera med i Freidig 4H, men innrømmer at dei siste åra var det utsiktene til å få plaketten som dreiv dei.
— Me har gått i lag på skulen i alle år og kjenner kvarandre godt. Men nå er me litt spreidde. Nokon av oss går på vidaregåande i Ølen, nokon i Stavanger og nokon i Haugesund. Men nå er det haustfest og då er me jo saman, seier den flotte ungdomsgjengen før dei går inn i dei festpynta lokala for å delta på festen.
Styrde festen
Og det er ikkje berre utstillingane ungdommane har ansvaret for. Det meste av festen har dei også hand over. Leiar i klubben, Aleksander S. Eikeland leia festen som hadde litt av kvart på programmet. Ingrid Hognaland hadde oppvisning i dans, Alice Dale steva og Einar Bakke spelte spanskinspirerte songar. Eitt av høgdepunkta var filmen frå fylkesleiren på Kalstveit i Vats i sommar. Den var det Einar Bakke og Åge Skjervheim som hadde laga. Men det største høgdepunktet var då Åsmund Kalstveit saman med Ingrid Marie Dale delte ut plakettane til dei åtte ungdommane.
Etter underhaldninga og programmet på scenen var det mat.
— Me har alltid kjøtsuppe med grønsaker og kaker etterpå. Nokon av medlemmene kjem med oppdelte grønsaker og andre har kaker med seg. Dei to kokkene våre, Sissel Wollertsen og Jorunn Bådsvik, kokar kjøtet i suppa, fortel Lill Eva Dale.