Astrid Krunenes (38) og Asbjørg Heggø (33) er begge utdanna møbelsnikkarar. Etter å ha blitt overtallege ved Skjold Trevare, hoppar dei nå uti det, og vil satse på heimebane.
Astrid Krunenes har tidlegare drive snikkarverkstad i sauefjøsen på heimegarden på Bjoa.
— Eg registrerte meg med eiga bedrift i 1996, men slutta i 2000 då eg fekk tvillingar, fortel ho. Den gongen hadde ho såpass med oppdrag at ho ikkje er redd for å starte opp igjen.
Då som nå held ho til i sauefjøsen på heimegarden. Nå er eit tilbygg under arbeid, som vil stå ferdig utpå nyåret.
— Vi vil trenge meir plass til blant anna montering, seier dei to snikkarane.
Når verkstaden opnar igjen, vil dei altså vere to om arbeidet.
Dei meiner det er verdfullt å inngå eit samarbeid, blant anna når tunge løft skal takast, og ikkje minst for å få eit fagleg miljø der dei kan støtte kvarandre.
Når det gjeld tenestene dei kan tilby, supplerer dei kvarandre.
Medan Astrid Krunenes skal lage møblar og innreiing på bestilling, kan Asbjørg Heggø hjelpe til med planløysingar.
Glade i yrket
Sjølv om det er mange jenter som tek den yrkesutdanninga dei har tatt, trur dei ikkje mange blir verande i yrket. Det spesielle for desse to er nok at dei er blitt naboar på Bjoa, og at begge vil halde på yrket sitt, som dei er glade i.
Under utdanninga hadde dei begge eit ønskje om ein gong å kunne starte eiga bedrift. Når dei nå står utan jobb, meiner dei tida er inne til å prøve seg.
Utstyr og maskiner som Astrid Krunenes tidlegare har investert i, kjem nå til god nytte. Difor slepp dei å gjere dei store investeringane ved oppstart.
Norsk tre
Dei håper at samarbeidet mellom dei vil føre til at dei får fleire bein å stå på.
— Dei som ønskjer heilt spesielle ting, eller vil ha noko med utradisjonelle mål, kan få laga det her. Møblane vil få sitt særprega design, og eg vil satse på produkt av norsk lauvtre. Folk kan få det treslaget dei vil ha. Det kan også bli aktuelt å bruke virke frå eigen skog, seier Astrid Krunenes.
— Eg vil tilby hjelp til blant anna innreiing, belysning og val av fargar. I det heile lage planløysingar i både nytt og gammalt. Eg kan også ta på meg å pusse opp møblar. Dessutan har eg lært meg kalligrafi (skjønnskrift) slik at eg kan skrive plakatar, diplom, sveinebrev og liknande, seier Asbjørg Heggø.
Hammar og sag i eigne hender
Astrid Krunenes (38) og Asbjørg Heggø (33) er begge utdanna møbelsnikkarar. Etter å ha blitt […]