Handeland og kommunen

Dag Handeland i Sjøtunet AS, må vel vera konstruktøren og skreddaren til «Keisarens nye klær» […]

Dag Handeland i Sjøtunet AS, må vel vera konstruktøren og skreddaren til «Keisarens nye klær» som greidde og få til eit samarbeid med Etne kommune, med bygging av 20 leilegheiter for innvandrarar og vanskelegstilte, midt i Etne-bygda, og så greidde og få til eit løft på 1,8 millionar, og vel så det, utan at leilegheitene blei bygde. Handeland seier det om saka: «Etne kommune har hatt dårlege rådgivarar i saka. Det finst ikkje vinnarar i saka, berre taparar». Men han, Dag Handeland, har feira sigeren. Forstå det kven som vil, «ei enkel feiring».
Denne saka er i utgangspunktet heilt fantastisk. Kommunen går først inn i ein samarbeidsavtale med Dag Handeland og Sjøtunet AS, etter som eg forstår etter samtalar med kommune og utbyggjar. Ut frå dette går så kommunestyret inn for utbygginga. Så kjem dei 300 underskriftene og kommunestyret set ned foten for prosjektet, og prosjektet blir stoppa med ein total prislapp på to millionar og vel så det.
Dette er vel einsbetydande med at det går ei grense, også i det norske rettssystemet, som set grenser, også i denne saka. Det å bryta ein kommunal avtale, er ikkje einsbetydande med at kommunen går fri, det skulle berre mangla.
Dei 300 underskriftene bør vera ein ettertanke for at eit prosjekt av desse dimensjonar, går gjennom i kommunen, utan ettertanke, med framtidsretta konsekvensar. Dette bør vera ein lærepenge for mange kommunar med integrering, som kan få konsekvensar.
Hadde denne saka vore prikkbelasta som førarkort for bil, vil eg tru sertifikatet hadde blitt inndradd. Dette er slik eg ser det.

Ove Wiland,
Skånevik