Handplukka innvandring

Men Solberg meiner ikkje kven som helst. Føresetnaden er at dei må klara seg sjølve […]

Men Solberg meiner ikkje kven som helst. Føresetnaden er at dei må klara seg sjølve og bidra positivt til det norske samfunnet. Med andre ord må rekneskapen gå i pluss. Arbeidsinnvandrarar er det nye namnet på dei Solberg vil ha til landet.

Grunnen til utspelet frå Solberg er at med det fødselstalet me har i dag, vil me om få år komma til kort. Sjølv om dei norske kvinnene er på andreplass i Europa med ein fødselsrate på 1,8 barn, er det ikkje nok til å halda folketalet oppe. Tvert imot vil folketalet gå ned om ti år, samstundes som talet på eldre vil auka.
Dette vil Solberg gjera noko med. Ikkje ved å få norske kvinner til å fø fleire barn, men ved å fri til arbeidsfolk i utlandet og leggja forholda betre til rette for dei når dei kjem til landet.
Det er illevarslande for oss alle at folketalet går ned og at det blir færre av dei i arbeidsfør alder. Det mest nærliggjande spørsmålet blir då kven som skal syta for oss når me blir gamle, sjuke og treng hjelp?

Det at fødselstalet er for lågt til å oppretthalda folketalet, at det er for få unge arbeidstakarar, og at det stadig blir fleire eldre her i landet, er gammalt nytt for dei fleste. Det som er nytt er at Solberg vil at fleire innvandrarar skal kryssa grensa til Noreg. For er det nokon som har preika oss huda full av at me har for mange innvandrarar, så er det nettopp Solberg. Hennar siste utspel er tilsvaret til Trondheim kommune som ho meiner vil bli Somalias største by dersom dei tar seg av dei utlendingane ho stenger dørene for og kastar på dør. Det Solberg avslører er at det er dei langvegsfarande ho ikkje vil ha innafor grensene. Dei som er litt mørkare i huda enn oss. Det var vel heller ikkje noko nytt, men snarare ei stadfesting av det me alt har sett.