Håp i hengande polsnøre

Det var skapt store forventningar til at Vinmonopolet skulle tildele Haugalandet eit nytt polutsal før […]

Det var skapt store forventningar til at Vinmonopolet skulle tildele Haugalandet eit nytt polutsal før jul. Men toget er gått etter at styret i Vinmonopolet vedtok tolv nye utsal i 2007, utan å kaste blikket på Haugalandet.
Rogaland fekk eitt nytt polutsal på Sola, medan Hordaland ikkje fekk nye utsal i denne siste runden i år. Vinmonopolet skal utgreie den vidare etableringa av butikknettet i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet. Dette arbeidet skal vere ferdig seinast i slutten av mars neste år. Styret i Vinmonopolet vil dermed ikkje vedta nye polutsal i 1. kvartal neste år.
Det politiske signalet frå helseminister Sylvia Brustad (Ap) er at ho opnar for 100 nye polutsal i Noreg. Det vil truleg bety at alle kommunar som vil, kan i dei nærmaste åra få polutsal i ei eller anna form. Dette gjentok Brustad i eit intervju med Vårt Land sist veke.

Diskriminering utan
For Arne Matre i Ølen Forum og Kjell Grønstad i Etne sentrumsforening kom det overraskande at ikkje Haugalandet fekk pol i denne runden.
– Fordelinga av utsal verkar diskriminerande for distriktet vårt. Både Etne og Ølen blir glade for å få pol, men handelmessig er det viktigast at vi får eit pol. I konkurranse med Haugesund er tilbod om pol det einaste vi manglar, seier Arne Matre.
Han er for at alle kommunar som vil ha polutsal, skal få det for å hindre konkurransefordelar. Det synet deler også Kjell Grønstad i Etne.
– Vi burde bli tilgodesett med eit polutsal. Men det går fleire tog. Dei kommunane som ønskjer pol, bør få det. Det er mest rettferdig når pol er ein konkurransefordel, meiner Grønstad.
I følgje Vinmonopolet bur 79 prosent av befolkninga her i landet i kommunar med polutsal. Og 84 prosent bur mindre enn 15 kilometer frå nærmaste Vinmonopol.