Håp om VM-plass

Bjørnar Larsen var 1.50 bak vinnar Petter Northug jr., men for Larsen var det viktigaste […]

Bjørnar Larsen var 1.50 bak vinnar Petter Northug jr., men for Larsen var det viktigaste at han slo alle juniorløparane som skal til junior-VM i Italia i februar. I tillegg hadde Larsen berre fem U-23 løparar framfor seg på resultatlista, blant dei vinnaren Petter Northug og skiskyttaren Ronny André Hafsås som ikkje skal gå U-23 VM. Til Grannar har landslagssjef Fredrik Aukland sagt at Larsen kan kjempa om ein VM-plass på U-23 dersom han gjer det godt i NM. Med gårdagens løp er Larsen dermed VM-aktuell igjen.