Håpar på topplassering

Tysdag reiste Kjellaug Selsaas frå Stokkadalen i Vats, saman med border collien Loppa og resten […]

Tysdag reiste Kjellaug Selsaas frå Stokkadalen i Vats, saman med border collien Loppa og resten av landslaget i lydnadstrening, til Austerrike for å delta i EM. I mars blei ho tatt ut på landslaget som einaste representant frå Vestlandet. Sidan då har treninga vore meir strukturert enn elles. Det viktigaste er likevel at øktene gjev glede, elles går det ikkje.
— Du får ikkje ein hund til å prestere i konkurransar viss ikkje han har det kjekt. På ein måte blir dette motstridande å halde på med, fordi me trenar på vanskelege ting, samstundes som hunden skal ha det moro, seier Selsaas.
Må ha det kjekt
Åtte år gamle Loppa har dei siste fire åra trena lydnad saman med eigaren sin. Dei øver for det meste heime på garden i Stokkadalen, men dei får også nytte fotballbanen i Nedre Vats. Selsaas har halde på med sporten i 20 år.
— Ei venninne frå Austlandet heldt på med dette, og eg syntest det var fantastisk det ho fekk til.
Selsaas fekk sjølv lyst til å prøve, og ho byrja å trene då ho fekk seg hund. Sidan har ho berre blitt betre og betre. Under Europameisterskapen denne helga er det tredje gong ho går for landslaget. Ho har likevel fem internasjonale meisterskap bak seg som medlem i landslagstroppen. Under EM i Torino i fjor blei ho nummer sju, og ho låg ei stund an til å vinne heile meisterskapen. Det gjer at ho ser med ekstra spenning fram mot helga.
— Me kan komme heilt i toppen viss me har ein god dag. Men det er mykje som skal klaffe for at det skal gå bra, slår ho fast.
Forbetrar kvarandre
— Eg prøver å strukturere treninga meir før konkurranse. Me har finpussa på ein del element, men me legg det vekk no og har det heller berre kjekt. Dei siste dagane før avreise er det berre fart og motivasjon me trenar på, held ho fram.
Selsaas har likevel ikkje kunna tenkje berre på EM den siste tida. Me treff henne dagen etter at ho har hatt eksamen i spesialpedagogikk. Faget meiner ho har ein viss overføringsverdi til sporten.
— Det med åtferdspsykologi kan overførast. Det er artig å sjå slike samanhengar, slår ho fast.
Lokalt er ho aktiv i Vindafjord, Ølen og Etne Hundeklubb. Ho trenar mykje med Synnøve Matre frå Sandeid, som også er i landslagstroppen.
— Me har eit veldig godt miljø i klubben. Me er kritiske til kvarandre på ein positiv måte, og me prøver heile tida å gjere kvarandre betre.
Medan dei er sju som kjem med på landslaget, er dei 15 i landslagstroppen.
Er med på gjeting
Loppa har dei evnene som er viktige for å bli ein god hund i sporten: Ho er livleg, glad og ho har arbeidsglede.
— Det er dei sosiale evnene, i tillegg til jaktdrivet, som er viktigast, seier Selsaas, og legg til at ho nok snart må byrje å sjå etter ein arvtakar etter Loppa.
Border collien er også med på å gjete sauer heime på garden i Stokkadalen.
— Det er viktig at denne rasen får jobbe med noko anna. Då blir me i tillegg betre kjende med hundane, meiner Selsaas.
Ho har også vore borti oppdrett, og ho har jobba med lavinehund og jakthund, men det er lydnadssporten som ligg hjarta hennar nærast.
— Denne sporten er enkel å halde på med når du har små ungar. Og det er ein fin måte å komme seg ut på.
Selsaas slår dessutan fast at ho aldri blir utlært. Det er heile tida nye ting å forstå, og det er ei utfordring ho likar.