— Dette var ikkje sprekt. Eg har vore sjuk ganske lenge og det var eigentleg som forventa. Eg var ikkje god nok, seier Chris Jespersen til Grannar etter laurdagens 10 km fristil i U23-NM i Røros.
Ei forkjøling har sete i i ti dagar, og difor er ikkje formen heilt inne.
— Det var knallharde løyper med masse motbakkar. Det er ikkje det eg er best til, og i tillegg er eg ikkje i form, seier han.
På førehand trudde Jespersen at dersom han blei blant dei ti beste, ville han kvalifisera seg til femmila i Holmenkollen førstkommande helg. Årets femmil går i skøyting og er også verdscuprenn.
— Eg trur eigentleg eg får gå. Me har ei nasjonal kvote og det er ganske mange som får gå, seier skåneviksbuen.
I går hadde han ikkje høyrt noko frå landslagsleiinga, men rekna med at uttaket blir klart i dag.
— Det hadde vore kjekt å få gå, seier Jespersen.
— Kva er ambisjonane dersom du blir teken ut til femmila?
— Iallfall komma i mål, ler Jespersen.
— Eg har aldri gått ei bra femmil før. Det er hardt og langt. Eg har ikkje tenkt noko på plassering. Eg veit ikkje kor eg står nå, seier Jespersen.
Håper på femmila i Holmenkollen
— Dette var ikkje sprekt. Eg har vore sjuk ganske lenge og det var eigentleg […]