Håper på topp fem

Paralympics startar i morgon, og Hustveit skal kanskje gå seks renn på ti dagar. Laurdag […]

Paralympics startar i morgon, og Hustveit skal kanskje gå seks renn på ti dagar. Laurdag er ølensbuen klar for å gå 12,5 km skiskyting. Dagen etter står 5 km skøyting på programmet.
— Eg har ikkje bestemt meg for om eg går søndagens renn. Eg lurer på om eg skal kutta ut eitt løp. Det kan vera at det blir for mykje, seier Hustveit.
Då Grannar snakka med han på telefon tysdag ettermiddag, var han akkurat komen til Sestriere der landslaget skal bu.
— Her er det sol, blå himmel og 0 grader. Varmt og fint, seier Hustveit.
I over ei veke har han vore på høgdeopphald i St. Moritz i Sveits.
— Eg satsar på å bli blant dei fem beste, seier Hustveit om opningsrennet laurdag.
Landslagstroppen har alle halde seg frisk, og ølensbuen satsar på at formen er inne.
— Det er vanskeleg å seia før ein har testa seg skikkeleg i høgda, men eg trur den er bra, seier Hustveit.
— Korleis er nervene?
— Dei har eg kontroll på. Eg tar det som eit vanleg renn, seier Hustveit, som deltar i Paralympics for fjerde gong.