Har gitt opp hotelldrifta

På ny er det turbulens når det gjeld drifta av hotellet i Skånevik. Då den […]

På ny er det turbulens når det gjeld drifta av hotellet i Skånevik. Då den tidlegare hotelldirektøren vart meldt til politiet i mai i år, uttalte styreleiar Paul Hovda i driftsselskapet, at det var ei tragedie både for bygda og hotellet, og ikkje minst for dei involverte. Då hadde Hovda-familien ved Hovda Investering AS ått hotellet i vel eitt år.
Gjekk ikkje lenger
Paul Hovda opplyser at 1. oktober i år var deadline for kva Fjord Investor AS skulle gjere med omsyn til hotelldrifta.
— Vi innsåg på styremøtet 30. september at dette ikkje kunne gå lenger og valde difor å levere buet til skifteretten. Bustyrar har nå sagt opp leigekontrakten og vi kan drive hotellet slik vi sjølve ønskjer det, seier han.
Men Paul Hovda håper det snart kjem til ei løysing, og at nye folk kan ta over drifta. Han meiner at problema har blitt rydda vekk i den tida Fjord Investor AS har stått for drifta. Det er også gjort mange forbetringar, blant anna er kjøkenet nå i tipp, topp stand.
Mange krav
Bustyrar Sverre Olav Handeland seier det ikkje er mange pengar i buet. Dei samla krava er på rundt 1,5 millionar kroner, og av dette veit ein at det er 250.000 kroner i kontantar og eit varelager som ikkje er talt opp endå.
— Men eg veit av erfaring at det er liten verdi i slike varelager, seier han.
Bustyrar hadde møte med dei tilsette, ni stykkje, tysdag i denne veka og dei fekk utlevert skjema til lønsgarantifondet. Ved sida av løn til dei tilsette, er det ein del ikkje fast tilsette, som har krav på feriepengar.
— Buet har sagt opp leigekontrakten med Hovda Investering AS, og dei kan om dei ønskjer drive hotellet sjølve. Dei som eig eigedomen disponerer denne slik dei ønskjer. Det blandar ikkje eg meg opp i, seier Sverre Olav Handeland.