Har gjenreist heile Åm-garden

Fire store bygningsprosjekt har Ottar Ohm fått i hamn. Han byrja for 14 år sidan. […]

Fire store bygningsprosjekt har Ottar Ohm fått i hamn. Han byrja for 14 år sidan.
— Eg er veldig oppteken av å ta vare på gamle bygningar, og reagerte då det gamle meieriet i Åmsosen stod til forfall. Huset er frå 1913, og har vore brukt til både meieri og kommunehus for gamle Vats kommune, seier Ottar Ohm.
Takka vera hans innsats er det ikkje lenger ei falleferdig rønne som ligg attmed vegen, men eit flott hus som inneheld tre husvære.
Mykje historie
Åm–garden var i gamle dagar eit kyrkjegods, som var eigd av Stavanger domkyrkje. Familien Ohm har drive garden i 10 generasjonar, og i 1820 klarte dei å kjøpe garden av Stavanger domkyrkje. Rundt 1925 fann arkeologar fleire interessante funn på garden til Ottar Ohm. Mellom anna vart det funne levningar etter ei kvinne innpakka i eit bjørneskinn, fleire gullringar og keramikkskåler.
— Det at dei fann eit bjørneskinn, viser at det har vore bjørn i området vårt. Arkeologane tidfesta funna til om lag 700 e. Kr, så det er tydeleg at det har vore folk på garden vår temmeleg lenge. No ligg alle funna utstilte ved arkeologisk museum i Stavanger.
Jordkjellar og hestehus
Garden har bygningar frå slutten av 1600–talet, og det er desse Ottar Ohm har lagt så mykje arbeid i. Først ut var jordkjellaren.
— Eg byrja på jordkjellaren for sju – åtte år sidan. Ein ting er i alle fall sikkert, eg har funne ut at handtverkarane før i tida kunne faget sitt. Dei hadde ikkje så mykje å hjelpa seg med, men fekk til det utruligaste, seier han.
Ottar Ohm har ikkje teke jordkjellaren i bruk enda, men seier at den held 12 grader året rundt, sommar som vinter. Ein tur inn i kjellaren stadfestar påstanden. Det var utruleg svalt å kome inn i kjellaren, etter å ha vore ganske heit i toppen i solsteiken.
— Det er veldig bra temperatur for oppbevaring av poteter og kålrabi her inne, fortel han.
Då jordkjellaren var ferdig, gjekk Ottar Ohm laus på neste restaureringsprosjekt. Etter mangfaldige timar med arbeid, vart det vel 300 år gamle hestehuset i tunet like fint som nytt.
— Eg har ikkje hest, men brukar huset til oppbevaring, seier gardbrukaren.
Komen i mål
Det siste restaureringsobjektet på garden, var det gamle naustet nede ved Åmsosen, arbeidet her vart han ferdig med i sommar.
— Eg fekk med meg Harald Amdal, som er ein erfaren og kyndig snikkar. Sjølv om han er i midten av 70–åra, klatra han rundt som ein 20–åring, seier Ottar Ohm.
Det einaste utgangspunktet dei to hadde var muren som stod att.
— Etter at Bjarne Nesheim hadde restaurert muren, byrja planlegginga. Harald Amdal er arkitekten bak bygget, han har god greie på gamle bygningsmetodar og byggeskikk. Slike folk som Harald er ein utdøyande rase, eg er veldig glad for at han ville vere med meg, seier Ottar Ohm.
Det finst mykje historie i veggene i naustet. I grunnmuren fann dei den store bautaen, som i dag står på Huldrahaugen, den gamle offerplassen i Åmsosen.
— Dei flytta bautaen frå offerplassen til naustet då landet vart kristna. Bautaen vart rekna som heidensk og måtte gøymast vekk. Far min, Olav Ohm, frakta bautaen attende til Huldrahaugen på 60–talet, fortel Ottar Ohm.
Naustet er åtte meter langt og fire og ein halv meter breitt, det er forholdsvis lågt, slik det var på 1600–talet.
— Folket var litt lågare på den tida, samstundes som dei ikkje kunne sløse med materialar for å lage hus, seier han.
Alt materialet og tømmeret som skulle til for å lage eit «1600–tals naust» trong dei ikkje reise langt for å skaffe.
— Eg har fått levert både ukurant kledning og gamaldagse rundstokkar frå Frøland Sag i Tørresdal, seier han for å tipse andre som har lyst til å restaurere historiske bygningar.
Idyllisk turløype
Området rundt Åmsosen i Nedre Vats er rett og slett ei perle. Etter at Jakob Hatteland laga det flotte parkområdet bak bedrifta si, har området blitt eit ynda turområde.
— Når Jakob er så flink til å pynte på eine side av osen, syntest eg det berre var rett og rimeleg at eg pynta litt på den andre sida, seier Ottar Ohm, og kikkar over til Hatteland-firmaet frå naustet sitt.
— Er du komen i mål med alle prosjekta dine nå?
— Ja! Nå står desse bygningane lenge etter mi tid, og det var målet mitt. No byrjar eg å bli så gamal at eg snart må byrje å restaurere litt på meg sjølv, seier Ottar Ohm og ler.