Har ikkje politikarane ansvar ?

Ein kunne lesa i Adresseavisa at Trondheim Tingrett, med aktor, forsvarar, dommar, lekdommare og sekretærar. […]

Ein kunne lesa i Adresseavisa at Trondheim Tingrett, med aktor, forsvarar, dommar, lekdommare og sekretærar. Dette var ein straffesak. Ein 26-åring hadde begått den uhyrlege forbrytelse å stele ei marsipanpølse til den enorme verdi av 11 kroner. Sjølvsagt må samfunnet gripe inn og sjå til at marsipantjuven blir funne skyldig og får sin velfortente straff.
Men kva når det blir gjort grove økonomiske feil, i kommunale samanhengar, som du og eg må betale. Kva då?
Er det slik at dei folkevalde kan tillate og overstyre i saker og ikkje ha økonomisk ansvar? Har ikkje alle kommunar eit «kontrollutval», som skal kontrollere disposisjonar, og ta dei nødvendige steg i den ansvarsdokumentasjon som føreligg i kvar sak. Der det er gjort grove feil, som kan dokumenterast ligg hos, eine og aleine den person som har gjort overtramp? Finnes det ikkje lovverk som fangar opp saker som dette. Eller er det kontrollutvalet i kvar kommune sitt ansvar, og å bringa saker vidare i retts- og kommunal systemet.
Eg berre spør.
Ove Wiland
Skånevik