– Har ingen barn å mista

Alle spedbarn fødde frå og med 2006 skal nå få gratis pneumokokkvaksine som ein del […]

Alle spedbarn fødde frå og med 2006 skal nå få gratis pneumokokkvaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.
Barn som er fødde i 2004 og 2005 blir derimot ikkje omfatta av den nye ordninga.
Det betyr at staten ikkje dekker vaksinen for Sarah Hovda (seks mnd), Jone Håheim (åtte mnd), Malene Vik Grønstad (åtte mnd) og Nora Haug Saltnes (sju mnd). Mødrene Åse Hovda, Anne Hegerland, Elin Vik og Nina Haug frå Etne meiner det er urettferdig.
— Når den skal gjelda for alle, kvifor skal den ikkje gjelda for desse også, spør Elin Vik.
Pneumokokkar er ein type bakteriar som årsaker hjernehinnebetennelse, lungebetennelse, blodforgifting og mellomøyrebetennelse.
I Noreg får om lag 80 barn under to år alvorleg pneumokokkinfeksjon kvart år og om lag fem prosent av desse døyr.

Mellom barken og veden
Os kommune har bestemt seg for å dekka vaksinen for barn som er fødde i 2004 og 2005. Det meiner dei fire småbarnsmødrene at Etne også bør gjera.
— Det er ei vaksine legar har tilrådd at alle ungar under to år bør ha, og den er ganske dyr, seier Nina Haug.
Vaksinen blir teken i tre omgangar og kostar ca. 570 kroner per gong.
— Alle som er tilrådde å få vaksinen, bør få den dekka. Nå kjem ungane som er fødde i 2004 og 2005 mellom barken og veden, seier Åse Hovda.

Torer ikkje la vera
Dei fire småbarnsmødrene synest vaksinen er dyr, men er fast bestemte på at dei ikkje torer å la vera.
— Eg skal ha den vaksinen uansett. Viss det ein dag skjer noko, kunne eg ikkje levd med at det var ei vaksine som kunne hjelpt. Ein tar ikkje noko sjansespel på slike ting, seier Hovda.
— Men alle har kanskje ikkje råd fordi den er så dyr, seier Haug.
— Det er eit spørsmål om å ikkje tore å la vera, så eg kjem nok til å kjøpa den, seier Anne Hegerland.

Godt eksempel
Mødrene skryt av Os kommune som betaler vaksinen for dei som fell utanfor det staten dekker.
— Det er kjempebra. Eg trudde kanskje fleire kommunar ville komma etter, seier Hovda.
— Eigentleg burde staten betala vaksinen, men der har også kommunen eit ansvar til å pusha på staten, seier ho.
Haug meiner at dekking av ei slik vaksine kan vera med og visa at kommunen står på for småbarnsforeldre.
— Så mange babyar er det ikkje i Etne kommune at dei ikkje har råd til det, meiner Hovda.
— Etne kommune har ingen å mista, seier Vik.