Tidlegare rektor ved Øvre Vats skule, Jørgen Landa, har fått løyve frå Utdanningsdirektoratet til å starte friskule i den nedlagte skulen i Øvre Vats. Sjølv om både kommunestyret og driftsutvalet har sagt nei til friskulen, opnar Departementet opp for tilbodet.
— Dette var utruleg positivt. Godkjenninga kom nesten som eit under. Eg hadde lyst til å heisa flagget til topps då eg fekk beskjeden, seier ein glad Landa. I lag med Reidar Eikeland, Johannes Urdal og Inger Frønsdal, som utgjer styret, er han no på jakt etter elevar til friskulen som kan ta maksimalt 67 elevar i klassetrinna ein til ti. Han har sendt ut brev til alle husstandane i nærområdet som har born i skulepliktig alder og ventar på tilbakemeldingar.
— Eg har endå ikkje fått nokon tilbakemeldingar om eventuelle elevar. Eg hadde rekna med å høyra noko snart, men dei treng vel litt tid, seier Landa.
Sjølv om han ikkje har fått elevane på plass, har det byrja ordna seg med lærarkrefter. Så langt er det tilsett ein nyutdanna adjunkt, som skal busette seg i bygda. I tillegg har Landa ein annan nyutdanna lærar i sikte.
— Eg trur det vil vera positivt med nye lærarkreftar til bygda, slår han fast.
Ikkje dans
Landa har det pedagogiske opplegget for friskulen klart, og vil satsa på å følgja L-97 med avvik i to fag. Avvik i KRL er beskrive som eit ønske om å innarbeida Luther si litle katekisme i læreplanen og i den daglege undervisninga.
Det andre avviket gjeld musikk, og der dreier det seg konkret om dans.
— Dans er omstridt i nærmiljøet, og det er eit ønske om å erstatte ein del danseformer med andre aktivitetar knytt til musikk og song, heiter det i søknaden.
— Dansa kan ein gjera andre stader enn på skulen, seier Landa, som vil styra det pedagogiske opplegget tilbake til den gamle skulen.
Til hausten?
Dersom det viser seg å vera interesse for skulen, vil det springande punktet vera sjølve bygningen. For Landa har det einaste alternativet vore å starta opp i det gamle skulebygget, men der har kommunen vedteke å driva utvida barnehage.
— Eg trur det blir plass til både barnehage og skule i bygget, og håpar på å kunna nytta den austre fløyen til friskulen, seier Landa. Han meiner det er positivt dersom skule og barnehage kan drivast i same bygg.
— Då kan eldre og yngre born leika i lag, noko som er bra for miljøet, slår han fast.
Det er likevel ei rekkje punkt som må oppfyllast før skulen kan få statleg stønad. Det første steget vidare no er at skulen sine lokale og utstyr må godkjennast av Fylkesmannen. Dessutan må ein henta inn nødvendige kommunale godkjenningar som går på brannvern, helsevern og bruksløyve.
— Trur du det blir skule til hausten?
— Først må vi sjå om det er interesse. No gjeld det at vi samarbeider for å få dette til, seier Landa.
Har lærarar – manglar elevar
Tidlegare rektor ved Øvre Vats skule, Jørgen Landa, har fått løyve frå Utdanningsdirektoratet til å […]