Det som hadde vore bom stopp og aldri meir for dei fleste, er von i hangande snøre for ein ekte fiskar. På morgonkvisten kom rapporten om åtte laksar i hølen i strekket nedanfor, og to fine laksar knappe to hundre meter lengre oppe. Men det får ikkje den unge fiskaren til å henge med hovudet.
— Eg seier til meg sjølv at det snart er min tur. Før eller seinare vil eg også lukkast, seier Benedikte Berning Hagen.
Godvêrsfiske
Elva renn i stille stryk i sone 11 hos Ola Gjerde på Ørnes. Det er ei ideell elv med akkurat passe vatn. Vikedalselva går fort opp og ned i vasstanden.
Den solrike himmelen er kanskje ei viss ulempe, men det er også noko som heiter godvêrslaks. Det er langt frå berre i skyminga at det er råd å få fisk på kroken. Benedikte Hagen er i Vikedal saman med faren Thom Hagen, og dei vil nytte mest mogleg av fiskedøgnet dei har sett fram til. Også i solsteiken.
Dei er begge med i Sveio Jeger og Fiskerforening sjølv om dei har flytta til Haugesund. Fiskerforeininga har kort på denne strekninga gjennom heile sesongen.
Håpet stig
— Eg har alltid likt å fiske og eg håpar eg får laks i år. Spenninga er ein viktig del av fisket, og den blir større når andre får fisk. Då veit eg at det er laks i elva, og håpet stig, seier Benedikte Hagen.
Fylkessekretæren i Rogaland NJFF, Kjell Ove Våg, er fiskaren bak dei to laksane som vart tatt på oppsida av brua på Ørnes. Han er godt nøgd med å ha dratt i land to laksar på 5,5 og seks kilo.
— Kanskje dei passerte meg, undrar den litt yngre fiskaren.
— Det blir din tur også, garantert. Mange ventar i årevis før dei får noko, men før eller seinare slår det til. Du må berre ha is i magen og tru på det du driv med. Dessutan er det lurt å spørje dei meir erfarne, og ein lærer av å fiske, er rådet frå Våg.
Fylkessekretæren i NJFF gir gjerne råd. 17-åringen fisker med tube på flogestanga, og Våg rår ho til å bytte til ei to-kroka litt mindre floge fordi det vil gjere det lettare å fiske.
Ny sjanse
— Det er varmare i dag, så det kan vere bra å prøve med floge. Spinner har vore bra det siste døgnet, seier Våg.
Men det har ho også prøvt. Våg deler villig vekk forslag både når det gjeld floger og spinner.
— Det er fornuftig å prøve litt utradisjonelle ting og ikkje vere redd for å bryte gamle reglar når det gjeld fiske, seier Våg.
Benedikte Berning Hagen har seks timar igjen til ho og faren skal pakke fiskesakene. Håpet om laksen er der enno.
Det byr seg også ein sjanse seinare i sesongen når ho skal vere ei helg i Vikedalselva i regi av ungdomsavdelinga til Sveio Jeger og Fiskerforening. Benedikte Hagen er den einaste fiskegale jenta som er med i fiskerforeininga.