Har legane all makt?

Gjennom Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg fekk det svaret eg forventa. […]

Gjennom Grannar tok eg opp dagens legesituasjon i Skånevik. Eg fekk det svaret eg forventa. I sist formannskap vart legesituasjonen drøfta. Etter det har rådmann Hetland stadfesta at hans utsegn var referert korrekt, og at det var ein eingongssituasjon. Gledeleg å høyra, men det samsvarar ikkje med plakaten som heng på venterommet ved Helsesenteret i dag måndag 27. november.
«Ingen lege i Skånevik denne veka v/48, men ein dag i neste veke v/49, vert det lege ved kontoret.»
Alle som har behov blir vist til lege i Etne. Dette er ikkje nytt. Heilt utruleg. Etne kommune har fem legar. To skal nå avvikle to vekers ferie. Meiner helseleiar at dette er ei god og rettferdig fordeling av tenesta til brukarane? Nå har mange onsdagar vore utan lege, kva blir det neste?
Med så ustabile situasjonar som det blir lagt opp til, har ikkje brukarane noko val, dei må reise til Etne. Samfunnsøkonomisk er dette uhøyrt. Helseleiaren har i samråd med legane prioritert slik, vert det sagt. Politikarar, nå må de vakne. Ja, alle bygdefolk. Kommunen bygde helsesenter i Skånevik i 1992. Kvifor blir dei politiske vedtaka gjort? Jo, me skulle sikre bygda å ha gode kontortilhøve for lege og dei andre helsefunksjonane. Og folk skulle ha eit godt tilbod. Med over fire hundre arbeidsplassar i bygda, derav fleire bedrifter med farefullt arbeid, må me ha lov å krevja lege i nærleiken. For oss som har fått levd ei stund og følgd med utviklinga, syner det seg at enkelte arbeider målretta med legetilhøva. Skal me godta dette? Tenk på konsekvensane. Er dette god service frå legane?
Fordel legane rettferdig, då vil brukarane få ein stabil situasjon. Til den legen i Etne helsesenter som har mange fastlegepasientar frå Skånevik, kunne det vore ein tanke å ta ein dag i veka i Skånevik, i staden å tilrå pasientane å reise. Tenk litt økonomi, ikkje berre på dykk sjølve.
Eg er godt nøgd med min fastlege i Skånevik. Sambygding prøv du det same.

Gudbjørg Christophersen