Har mål om 2007

Den grundige presentasjonen av forprosjektet for Etne Sport- og Kultursenter, gav nok mange av dei […]

Den grundige presentasjonen av forprosjektet for Etne Sport- og Kultursenter, gav nok mange av dei frammøtte svar på det dei var komne for å høyre. Først ute var prosjektleiar Oddvar Åsheim. Han starta arbeidet i 2004 etter at kommunestyret då bad om at prosjektet vart redusert med 15 prosent. Då hadde planarbeidet alt gått føre seg i ti år. Arealet vart redusert, og det vart sett inn ein del råbygg. Dette reduserte kostnadane med ni millionar, og ein var kome til ein sum på 55 millionar kroner med moms.
Ny fart vart det i saken då nemnda i mai 2005 fekk brev frå Hordaland fylke med spørsmål om plass til den vidaregåande skulen. I første omgang bad dei om 500 kvadratmeter brutto areal. Seinare er dette auka til 861 kvadratmeter.
Nå starta ei ny utforming. Idrettshallen vart snudd parallelt med skulen.
Det nye bygget vil innehalde fleirbrukshall, nytt bibliotek, Etne vidaregåande skule, Etne kulturskule, utvida skytebane, vestibyle med blant anna kafè, tusenårstad og multimediasal. Dei to siste som råbygg.
Byggjestart i 2007
Åsheim understreka kva viktig faktor bygget vil få i Etnebygda, og såg for seg ei framdrift med utbyggingsvedtak i kommunestyret i juni i år. Søknad om spelemidlar, førehandsgodkjenning i 2007 og byggjestart hausten 2007.
— Vi har ikkje tid til å vente, og særleg gjeld dette den vidaregåande skulen. Bygget vil bli eit kompetansesenter, og satse på dette, er god distriktspolitikk. Indre Sunnhordland har bruk for dette, sa han blant anna.
Arkitekt Jan Silde Bungum frå arkitektfirmaet Vikanes & Bungum orienterte om deira arbeid. Han meinte bygget romma noko for alle, ung og gammal i Etnebygda. Hovudtanken til arkitekten hadde då også vore å lage ein sentral møteplass.
— Dette blir meir enn eit kulturhus. Heile området ligg svært sentralt, og vil bli ein samlingsplass i bygda med alle sine forskjellige tilbod.
100 år avskriving
Den økonomiske delen vart lagt fram av Rune Ramsvik. Han var kome fram til at bygget vil få ein lånegjeld på 37,6 millionar kroner inkludert Etne vidaregåande skule. Med ei lånerente på sju prosent, skulle rentekostnadane bli 2,6 millionar per år. Avskrivingstida for eit slikt bygg meinte han bør kunne vere 100 år, med 50 år på delen som den vidaregåande skulen skal ha. Driftsinntektene var rekna til 6,3 millionar kroner i året, medan driftsutgiftene var rekna til 6,1 millionar.
Det var ikkje mange som bad om ordet etter desse orienteringane, men Ottar Klokkerstuen gav ein stor kompliment til nemnda for eit godt gjennomarbeidd prosjekt. Namnet Etne Sport og Kultursenter likte han mindre. Etne kulturhus er eit godt namn, meinte han.
Hans J. Becker ville vite kor mykje det kostar å flytte grusbanen, og om kjøkenavdelinga ville bli større.
Oddvar Åsheim svarte at grusbanen ligg inne med eit fast beløp, og kjøkenet har ein god kvalitet slik det er i dag, men han såg ikkje bort i frå at ein kan sjå på dette i den vidare byggjeprosessen.
Stort tolmod
Oddvar Tvedten lurte på om planane for den vidaregåande skulen var settla med politikarane i fylket, og meinte å sitje inne med andre opplysningar enn det som var kome fram.
Til dette svarte Oddvar Åsheim at det ligg føre utkast til leigeavtale med administrasjonen i fylket, og at han såg optimistisk på det som vidare skal skje.
Til slutt minna Hans J. Becker om tolmodet idretten i Etne har hatt i 20 år når det gjeld idrettshall.
— Nå må politikarane gi eit svar. Er ikkje kommunen med på dette nå, må dei byggje idrettshall, sa han.