Har nokon sprengt postkassen din?
Natt til førre måndag blei fire menn frå Vindafjord pågripne etter at dei hadde fyrt […]
Natt til førre måndag blei fire menn frå Vindafjord pågripne etter at dei hadde fyrt av fleire postkassar i Vindafjord-disktriktet. Dei var alle fire rundt 18 år gamle, og innrømde at dei hadde sprengt tretten postkassar med fyrverkeri, men truleg står dei bak enno fleire eksplosjonar. Postkasseligaen hadde teke seg rundt i Vindafjord med bil, og fyrt av postkassar mellom anna i Skjold, Vikebygd, Vats og på Bjoa.
— Dersom nokon har fått sprengt postkassen sin, men ikkje meldt i frå om dette, vil eg be dei om å seia i frå til oss, oppmodar lensmann Ingvard Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.