Har opna landskapet

Gardbrukar Stein Gunnar Sandvik viser stolt fram det nyrydda landskapet i lia over fjellgarden Øvstebø […]

Gardbrukar Stein Gunnar Sandvik viser stolt fram det nyrydda landskapet i lia over fjellgarden Øvstebø i Etne. Kring 60 dekar med skog og kratt er vekke. Beitene og kulturlandskapet, som var truga med attgroing, har fått nytt liv. Den gode hjelparen i det tunge arbeidet har vore 21-årige Alisra Eigminaitê frå Litauen, og bonden er full av lovord om innsatsen hennar.
— Det finst nesten ikkje folk som vil gjere slikt arbeid no til dags, kommenterer han.
Alisra på si side har ikkje tatt skrekken, tvert i mot.
— Eg har hatt det utruleg fint her, og no ser eg meg om etter anna arbeid i området. Eg kunne tenkje meg å bli lenger i Noreg, seier ho.
Fekk fire dagar
Ho søkte jobb i Noreg gjennom eit byrå i Litauen. Den avløysaren som eigentleg skulle bruke sommaren på Øvstebø, trekte seg i siste liten, og Alisra tok utfordringa på fire dagars varsel.
— Eg har lenge hatt lyst til å reise utanlands. Det er vanskeleg å finne jobb i Litauen, og dessutan er det betre betalt her.
Ho reiste med buss og båt til Etne frå jobben i ein bowling-klubb i Kaunas, den nest største byen i Litauen.
— Livet her var uvant med det same, men no har eg byrja å bli glad i det, seier ho.
Ho fortel også at det var som ein draum å kome til Øvstebø og flytte inn i ei lita sokkelleilegheit med panoramautsikt over bygd, fjordar og fjell.
Måtte lære alt
Arbeidsoppgåvene låg og venta då ho kom, og alt var nytt.
— I det første brevet til mor mi skreiv eg at eg aldri kom til å lære dette, mimrar ho.
Likevel gjekk det berre nokre få dagar før kunnskapen sat i kroppen. Til og med den kompliserte vaskeprosessen av geitemjølkanlegget går som ein leik no. Det er nemleg ikkje berre rydding av kratt og skog som har stått på programmet hennar:
— Eg mjølkar dei 60 geitene på garden, og eg var også med i slåtten, fortel ho, og legg til at sundagane har ho hatt fri og sove lenge.
Einsamt har det ikkje blitt å vere i Etne. Ho har blitt kjend med avløysarar frå heimlandet som har jobba på andre gardar i området. Fleire av dei som har vore her har reist allereie, og det nærmar seg avreise for Alisra også. Håpet er likevel at det skal dukke opp eit anna jobbtilbod i siste liten, så ho kan avlyse den lange reisa heim. På Øvstebø er iallfall den travle sommarsesongen i ferd med å avsluttast, og det minkar på arbeidsoppgåvene.
— Etter denne sommaren kan eg lære meg kva som helst, trur ho.