Har sertifikat som heimebakar

For fire – fem år sidan begynte det heile, fortel Aud Jorunn Grønstad Baugstad. — […]

For fire – fem år sidan begynte det heile, fortel Aud Jorunn Grønstad Baugstad.
— Det var då bror til Pål, mannen min, gifta seg, at eg laga bryllaupskaka. Dette gav meirsmak. Mange hadde konfirmasjonar, som eg laga kaker til etterpå.
Så batt det på seg litt etter litt. Eg leverte kaker til fødselsdagar, dåp, konfirmasjonar og bryllaup. Det vart etter kvart så mykje at Næringsmiddelkontrollen, nå Mattilsynet, tok kontakt, og eg søkte om godkjenning. Dette gjekk greitt, og i dag kan Aud Jorunn produsere kaker for sal.
I godkjenninga heiter det at Aud Jorunn Grønstad Baugstad sitt private kjøkken er godkjent til produksjon av bakeri- og konditorvarer. Det står også i godkjenninga at det interne kontrollsystemet er tilfredsstillande.
— Kva krav stilte Mattilsynet?
— Først og fremst at vegger, tak og golv kan vaskast, og at det er vifte og tilfredsstillande temperatur i kjøla.
Nå får ho kontroll ein gong i året av Mattilsynet, som kontrollerer at alt er i orden.
Fleire jobbar
Aud Jorunn Grønstad Baugstad understrekar at bakinga berre er ein kjekk hobby. Ved sida av å ha ansvaret for blant anna 10 kyr på garden, jobbar ho også 40 prosent som assistent i Sjoargruppa i Etne kommune.
At ho har likt spesielt godt å bake gjennom livet, meiner ho ikkje er sant.
— Eg har alltid lika å lage hobbyting. Men det er ei grense for kor mykje slikt ein treng. Eg trur kanskje det var det som førde til at eg begynte å bruke kreativiteten min på kaker. Dei et ein jo opp, seier ho.
Prinsessekake
Det er marsipankaker som er spesialiteten, andre kaker har ho ikkje prøvd seg på. Lefser har ho baka til Etnemarknaden, men tida har ikkje strekt til når det gjeld lefsebaking elles.
Aud Jorunn har tatt bilde av alle marsipankakene ho har levert frå seg, og alle ser ut som små kunstverk.
Særleg er det ei prinsessekake som er noko heilt for seg sjølv.
— Ideen fekk eg då eg såg Norge Rundt ein gong, og så fekk eg lyst til å prøve meg på den, fortel ho.
Mannen Pål har laga eit stativ som dokka står på, slik at ho ikkje fell saman før kaka er heilt oppete.
Elles fortel ho at ei marsipankake også følgjer motetrendar.
— Før var det mykje meir roser, nå er det liljer og kala som er populære. Men eg synest roser høyrer med, og får ofte plass til eit par. Eg har laga bryllaupskake med opp til 70 roser på. Rosene festar eg på kaka med ukokt spagetti, i staden for tannpirkarar, som mange brukar, fortel ho.
Og fingrane går fort når ho tryller fram dei nydelegaste blomster på demonstrasjonskaka. Det er tydeleg at dette har ho gjort før.
Til fyll i kakene brukar ho for det meste aprikos, men alle bærslag kan brukast etter smak og behag.