«Budeiene på Vikafjell», «Pols frå Røros» og «Julevals frå Sverige». Tonane strøymer frå fela til dama på Strand i Sandeid. Andre melodiar nynnar ho fram, eller ho tar nokre dansetrinn på golvet. Musikken sette seg i kroppen hennar då ho voks opp i Sykkylven på Sunnmøre. Sidan har han følgd henne.
Lærte av onklar
— Eg hadde onklar som spelte slåttar. Eg blei så glad i musikken. Eg fekk vere lenge oppe når eg var med dei, mimrar Toresen.
Då ho var tre år byrja ho å øve med to kjeppar – den eine var fele og den andre var boge. Ho song melodiane medan ho spelte på kjeppane. Då fingrane hennar blei litt større, fekk ho låne fela til far sin. Ho lærte å spele på ordentleg i seksårsalderen.
— Dei hadde ikkje små feler den gongen, kommenterer ho.
Dei første slåttane ho lærte stamma frå traktene kring Sunnmøre, Nordfjord og Gudbrandsdalen. Det har vore mange spelemenn i slekta hennar, både på mors- og farssida. Mor hennar var opptatt av at ungane skulle delta i kulturlivet, fortel den musikalske dama.
— Far dreiv butikk i Sykkylven, medan mor dreiv pensjonat oppe. Der måtte eg etter kvart underhalde gjestene.
Mange instrument
Toresen byrja også tidleg å lære å spele klassisk musikk, noko ho fekk fordjupe seg i under to studieopphald i Oslo: I 1943 gjekk ho eit halvt år i lære hos ein fiolinist, medan ho fekk eit halvår på Musikkonservatoriet i hovudstaden fem år seinare. Men trass i at ho har fått noko undervising, har ho også funne fram til mykje av instrumentkunnskapen sjølv – både på fele, piano, munnspel og trekkspel. Då ho var i slutten av 20-åra, flytta ho med mannen sin, som var frå Tyssedal, til Vigrestad på Jæren. Han jobba som dyrlege der. Etter fire år braut dei opp og flytta med tre søner til Sandeid.
— Eg var vand med meir fjell, og eg synst det var litt for lite kulturliv der me budde på Jæren. Det mangla liksom ein mellomting mellom bedehus og idrettsslag, seier ho.
Ho likte seg med det same ho kom til Sandeid. Der var det lett å kome i kontakt med folk.
Byrja å undervise
Ho blei med i ungdomslag og orkester: Spelemannslaget i Vindafjord og Gladlåt i Ølen.
— Ungdomslaget ville ha meg med for å spele. Dei hadde høyrt eg kunne det. Me spelte til dans. Då eg var 52 år spurte dei i musikkskulen i Ølen om eg ville ta på meg speleundervising. Der var eg eit par år før Lena Husebø kom. Ho har lært meg mykje. Ho lærte meg å undervise, framhevar Toresen.
Ho heldt fram med å ha elevar i Vindafjord, og ho reiste både til Vats og Vikedal. Somme blei leie etter ei kort stund, medan andre blei ivrige.
— Når dei blei gode nok, tok eg dei med til Ølen og skuleorkesteret der, fortel ho.
Toresen var sjølv med som støttespelar i skuleorkesteret i ei årrekkje.
— Eg gav meg med undervisinga då mannen min døydde for kring fire år sidan. Eg orka ikkje meir då. Då byrja eg å nærme meg 80 og tenkte eg ville ha det litt fredelegare.
Men spelinga blei det ikkje slutt på av den grunn. Musikken har alltid stått sentralt i familien Toresen i Sandeid, og det gjer han framleis.
— Eg har spelt mykje med ungane mine her heime. Mannen min song.
Musikalsk feiring
Den siste tida har det vore mykje merksemd rundt barnebarnet hennar, Maria Toresen, etter at ho hevda seg i Idol. Førre veke var det Bodil sjølv som var midtpunktet. Då feira ho 80-årsdagen sin med slekt og vener i sanitetshuset i Sandeid. Jubilanten var mellom dei som underheldt med musikk.
Ho har blomegåver rundt seg på alle kantar der ho sit i stova og held ein liten føremiddagskonsert. Fingrane har blitt stivare med åra, fortel ho, men det er ikkje verre enn at låtane kjem leikande lett.
Ho fortel at ho av og til set på ein CD med gammaldansmusikk, og så akkompagnerer ho til. Minst ein gong i månaden speler ho piano under eldretreff i Sandeid. Då er det religiøse tonar det går i, og melodiane hugsar ho frå ho var i kyrkja som lita.
— Ofte når eg sit på kjøkenet får eg ein melodi i hovudet. Då går eg til pianoet og spelar den, seier Bodil Toresen, som føretrekkjer å spele etter gehør.